Kniksen International Tournament

    Postet av Florø Sportsklubb Fotball den 23. Feb 2025

    Etter å ha samarbeida med Førde i to år for å kunne stille slagkraftige nok lag til å kunne spele referansekampar mot dei beste laga i regionen fekk 2010 gjengen ein skikkelig turneringsgodbit i helga. 

    Invitasjonsturneringa https://knikseninternational.no blei spelt i Vestlandshallen i vinterferien. På fredag vart det hederlige 2-1 tap mot Brann og Vest-Finland. På laurdag  morgon blei det 3-1 siger mot Åsane før vi vant 1-0 mot eit godt Lillestrøm. På søndag morgon var tredjeplassen i boks etter 2-0 siger mot LOK.

    For spelarar og leiarar er det utruleg kjekt og inspirerande at samarbeidet mellom to, i denne sammenhengen, små breddeklubbar kan gjere oss konkurransedyktige mot lag med heilt andre ressursar. 

    På lagbildet er dei avbilda med "Florø Førde" drakta. Denne har begge klubbmerkene på brystet. Kven skulle trudd at dei to sunnfjordbyane kunne samarbeide om fotball?

    Kommentarer

    Logg inn for å skrive en kommentar.