Sparkesykel forbod i FIS

Postet av Florø Sportsklubb den 25. sep 2026

Melding frå fylkeskommunen:

Det er ikkje lov å ta inn syklar, sparkesyklar og elsparkesyklar på Florø idrettssenter.
Dette på grunn av brannfare og på grunn av hærverk.
Belegget i foajéen har vorte øydelagt på grunn av at ein har stått i ro og spunne til det går hòl i belegga.
Det same har vorte gjort med dekket i fleirbrukshallen og grasdekket i fotballhallen.

Vi veit at elektriske sparkesyklar har starta mange branner, og Vestland fylkeskommune har generelt forbod mot sparkesyklar innandørs i alle bygga sine. Alle sparkesyklar, inkludert elsparkesyklar, skal parkerast i sykkelskuret som ligg rett aust for hovudinngangen.

Alle inngangsdørane har vorte merka med forbodskilt, men nokon har fjerna dei på hovudinngangsdøra. Det blir sett opp nye forbodskilt straks.

Vi ber om at alle seier ifrå til dei som tek inn syklar og elsparkesyklar. Skal vi få bukt med dette, må alle bry seg, ikkje berre gå forbi ein sparkesykkel som står parkert eller vert brukt inne.

Med venleg helsing Vestland fylkeskommune