Som vi har skrive før, i denne spalten: Ingenting er viktigare i fotball enn å slå naboen, og for Florø fotball sin del handlar det om slå Førde. Begge oppgjera mot Førde, både heime- og bortekampen, er ferdig for denne sesongen, og begge endte, gledeleg nok,  med Florø-siger. Og sidan 16. mai ikkje berre er blitt norsk fotballs nasjonaldag, men også er dagen då Florø by vart grunnlagt tilbake i 1860, er det klart at denne kampen betyr ein del ekstra for oss som har hjertet i Florø Fotball. Betre presang på «by-bursdagen» kunne vi knapt ha ønskt oss. 

Som TV2-sporten sa det etter kampen: «Florø har slått Førde, og for enkelte er dette det største som kan skje i løpet av eit år!». Det kan eg skrive under på. 

Og la oss slå det fast: Om enkelte utgåver av Florø-laget er blitt kritisert for å ha altfor få lokale spelarar, er det laget klubben mønstrar i år i hovudsak bygd på unge lokale spelarar som har tatt lange steg framover. 

Sjølv var eg – dessverre- ikkje til stades i Førde, i staden sat eg og min betre halvdel benka framfor tv og pc-ane i heimen og følgde intenst med på kampen mens vi beit negler og vrei oss utover i andre omgang, då  Førde, får vi innrømme i ettertid, hadde trykket. Men då Kristoffer Ryland – velsigne han! – kontra inn vinnarmålet, var lykka i heimen komplett. 

Takk til tomålsskårar Kristoffer, lagkaptein Dino, og resten av laget og til trenar Dan Jøran Hafsås, støtteapparatet og alle dei som tok turen til Førde for å heie dei fram. For å seie det enkelt: Dette var jaggu moro!  

 (Tekst:Knut Magnussen Foto: Dag Frøyen)