Siddisane fekk bank

Viking entra Florø stadion utan å ha vunne på naturgras i OBOS-ligaen i sesongen 2018. Heller ikkje mot Florø klarte siddisane å vinne på naturleg grønt.

Florø best i 1.omgang,men mållaust

Florø kom best i gang og sette kraftig press på Viking. Allereie etter to minutter fekk Florø sin første store sjanse. Runar Hove braut ballbana og sette fart framover. Frå god posisjon prøvde han seg på eit skot, men ballen sklei av foten. Otar Javashvili fekk sjanse på returen, men skotet gjekk utanfor stolpane.

Florø jaga vidare og få minutter seinare fekk Halvor Solheim-Olsen ein kjempesjanse. Han tråkla seg fint gjennom Viking sitt forsvar, men også hans skot vart for svak. 

Viking var sjeldan på farlege visittar framfor Florømålet og hadde eigentleg ingen målsjanse i omgangen. Eit frispark frå 17 meter, kunne vorte ein målsjanse, men skotet gjekk himmelhøgt over.

Florø klart best i 1.omgang, men laga gjekk til pause til stillinga 0-0. 

Fem mål i 2.omgang

Florø starta 2.omgang slik dei starta 1.omgangen. Etter 51 minutter kom Florø sin første sjanse i omgangen. Moses Dyer tok i mot ein lang ball frå Florø si målvakt. Han vende opp og venta på Peter Aase, som kom på eit godt løp. Aase tok med ballen fint framover og sende avgårde eit kjemeskot. Viking si målvakt var derimot vaken og fekk hindra Florømål.

Florø opp i leiing

Etter 57 minutt fekk endeleg Florø mål. Otar Javashvili slo eit godt innoverskrudd frispark, frå Florø si høgre side. Ballen hadde retning mot mål og ein Vikingspelar stussa såvidt bort i ballen, før den enda i mål.

Viking prøvde å svare på Florø si leiing og fekk sin første sjanse etter 60 minutter. Eit flott angrep, men avslutninga var lett match for Florø si målvakt Renze Fij.

Florø dobblar

Kampuret viste 71 minutter då Florø dobla leiinga. Peter Aase og Lorent Callaku kombinerte fint på si høgre side. Etter fint klikk-klakk spel sende Callaku avgarde eit skot som gjekk rett i mål. Stor jubel blandt dei 800-900 på tribuna.

Viking såg ut til å vakne etter dette og tok meir og meir over banespelet. Florø vart pressa bakover, men satsa på kontringar. Etter 72 minutter kom den første Florøkontringa. Halvor Solheim-Olsen fekk ballen og sette fart mot mål. Frå god posisjon fekk han levert eit kjempeskot. Men, Viking si målvakt, Amund Wichne, serverte eit tigersprang og hindra Florømål.

Viking reduserte

Rett etter Halvor Solheim-Olsen sin kjempesjanse kom Viking si redusering. Tommy Høiland utnytta ei dårleg klarering frå Florøforsvaret og banka ballen kontant i mål.

Florø opp til 3-1

Sjølv om Viking hadde overteke banespelet og fått si redusering, svarte Florøgutane umiddelbart. Etter 77 minutt sende Badou eit fint og hardt innlegg frå si høgre side. Florø sin midtbanekriger og dagens Florøspelar, Luc Jeggo, sette ballen kontant i mål og  3-1 leiing til Florø.

Ny redusering til 3-2

Viking gav aldri opp kampen og pressa vidare for å redusere. I det 82.minutt var Tommy Høiland igjen framme og skåra. Ei nydeleg hedding, som "fakta talt" fortjente applaus.

Viking prøvde så godt dei kunne å få med seg eit poeng, men Florøgutane ville ikkje la denne sigeren glippe.

Etter fem tilleggsminutt kunne Florø juble og innkasserte tre vel fortjente poeng.

Foto: Truls Kleiven og Cecilia Molander


Florø vs Viking 3-2 (0-0)

  • Renze Fij

  • Christer Husa

  • Vegard Gjermundstad

  • Runar Hove

  • Andre Frøyen-Reksten

  • Luc Jeggo

  • Halvor Solheim Olsen

  • Peter Aase 89 min Stefan Aase

  • Otar Javashvili

  • Moses Dyer 75 min Badou

  • Loren Callaku

  • Innbyttarar: Lars Kvarekvål-Torje Naustdal-Stefan Aase-Simen Solheim-Patrik Johannesen-Badou-Dino Omerovic

Annonse fra Obos-ligaen: