Tap mot Viking

Til trass for ein god 1.omgang og leiing 0-1, måtte Florø sjå seg slått av eit pressa Vikinglag.

0-1: 15 min Peter Aase

1-1: 42 min Tommy Høiland

2-1: 61 min Fredrik Torsteinbø

Foto: Skjermdump Eurosport

God start for Florø

Florø starta friskt og hadde ingen respekt for ex-eliteserielaget Viking.
Etter 15 minutt får Florø utteljing for godt spel. Peter Aase fekk ballen ute mot høgre. Han såg at Vikingmålvakt Amund Wichne sto langt ute og lobba ballen elegant over målvakta og i mål.
Florø fekk ein "boost" av målet og held oppe trykket mot Viking. Berre minutt etter skaut Luc Jeggo eit kanonskot som strauk over tverrliggaren. Rett etter var det såvidt at Halvor Solheim-Olsen fekk tredd ballen gjennom til Erik Eikeng(som då hadde vore åleine med målvakta). 

Etter ein meget god periode for Florø kom Viking meir med i spelet og tok over initiativet. Florø var derimot kompakte i forsvaret og kom til nokre kontringar. Desverre enda ingen av kontringane opp i målsjansar.

Viking trykka på for utlikning og etter 41 minutt fekk dei straffespark. Tommy Høiland gjorde ingen feil og 1-1.
Florø heldige som ikkje måtte gå i garderoba med 2-1. Viking fekk annulert eit mål i det 45 minutt. Ein dommar som ikkje nytta fordelsparagrafen, gjorde at Viking fekk frispark i staden for målet dei skora.

2.omgang 

Dei første 10 minutta var jamnspelt og målsjansar begge vegar. Etter 53 minutt fekk vi eit flott angrep frå Florø. Erik Eikeng drog seg fint rundt på kanten og sentra fint ut til godt plasserte Halvor Solheim-Olsen. Frå 17 meter fyrte han av eit knallhardt skot, men desverre for Florø, fauk ballen over.

Utover i omgangen tok Viking meir og meir over. Berre ein god Niclas Frenderup hindra siddisane i å gå opp i leinga etter 55 minutt. Eit kjempetreff frå Zlatko Tripic(BB) fekk Niclas såvidt kippa over tverrliggaren.

2-1

55 minutt spelt og Viking opp i leiinga. I forlenging av eit frispark, der Florø ikkje klarte å klarere ballen frå eigen boks, enda ballen til Fredrik Torsteibø på venstre hjørne av 5 meteren. Han var iskald og banka ballen hardt i nærmaste hjørne og utagbart for Florø si sisteskanse.

Florø nær utlikning i sluttminutta

Florø gav ikkje opp og satsa friskt framover. Berre uflaks hindra Christer Husa i å utlikne. Eit godt frispark inn i Viking sin boks og Husa fekk vende opp og skaut i motsatt hjørne. Ballen traff stang og ut!! Med millimetrane på vår side, hadde vi reist heim frå Stavanger med eit poeng.


Viking vs Florø 2-1 (1-1)

  • Niclas Frenderup

  • Christer Husa

  • Vegard Gjermundstad

  • Runar Hove - 75 min Simen Reksten Solheim

  • Andre Frøyen Reksten - 46 min Badou

  • Luc Jeggo

  • Peter Aase

  • Stefan Aase

  • Halvor Solheim-Olsen

  • Oliver Rotihaug - 66 min Torje Naustdal

  • Erik Eikeng

  • Innbyttarar: Jacop Storevik-Badou-Torje Naustdal-Robert kling-Simen Reksten Solheim

Annonse fra Obos-ligaen: