Tøff bortekamp - poengdeling

Poengdeling på Jessheim stadion, der laga "dominerte" i kvar sin omgang. Ull/Kisa til pause med 1-0, men Florø kom sterkt tilbake og utlikna etter 55 minutt.

 10 min : 1-0  Morten Sundli
 55 min : 1-1 Halvor Solheim-Olsen

1. omgang

Ull/Kisa gjekk rett i strupa på Florø dei første 10 minutta. Vi registrerte fire store målsjansar til Ull/Kisa, der den siste resulterte i mål. Jacob Storevik hadde til då varta opp med tre matchredningar, men var sjanselaus på Ull/Kisa sitt mål.
 Florøforsvaret var for passive i duellspelet på hjørnesparket og Morten Sundsli fekk ein lett jobb med å styre ballen i mål.
Ull/Kisa hadde god kontroll på dei blåsvarte i dei første 30 minutta av kampen. Men, etter dei 10 første minutta kom ikkje Ull/Kisa til fleire store målsjansar.

Florø meir med siste 15

Etter halvtimen spelt, kom Florø meir med i kampen. Fleire duellar vart vunne og ballen gjekk fortare mellom spelarane. Sjølv om Florø kom meir med i kampen, registrerte vi berre ein målsjanse. Stefan Aase vann ballen i midtsirkelen og drog seg raskt framover. Peter Aase kom i stor fart bakfrå og fekk ballen frå tvillingbroren. I god posisjon fekk han avslutta, men skotet vart for svakt og gjekk mitt på Ull/Kisa si målvakt Stefan Hagerup.

Laga til pause, der Ull/Kisa leia fortjent 1-0. Jacob Storevik med fleire gode redningar som hindra dei gule i å leie meir.

Pausepraten hjalp

Florø sin pauseprat var tydelegvis til hjelp for kamputviklinga. Dei blåsvarte jobba hardare, vann fleire duellar og kom betre med offensivt. Når i tillegg forsvarsrekka rydda opp i det som kom imot, var det nok mange som hadde trua på utlikning og poeng. 

I det 55. minutt får endeleg Florø si fotjente utlikning. Erik Eikeng sende eit knallhardt innlegg inn frå høgre. Ein Ull/Kisa spelar fekk foten på ballen og den trilla utover mot 16 meterstreken. Der kom Halvor Solheim-Olsen og klinka til ballen. Via Ull/Kisa sin Morten Sandsli suste ballen i mål.

Florø held fram det gode spelet og var ved fleire høve nær skåring. 
60 minutt: Javashvili med eit nydeleg innlegg frå venstre. Stefan Aase åleine på 9 meter, men bomma på ballen.
74 minutt: Javashvili drog seg innover og banka til med høgrefoten. Ballen rett utanfor ein sjanselaus målvakt.
85 minutt: Peter Aase med fint innlegg frå høgre. Patrik Johannesen på direkten, knallhardt, få cm over.

Jacob Storevik med matchredning i sluttminuttet

I det stadionuret viste 89 min 30 sek fekk Ull/Kisa sin kjempesjanse. Eit flott angrep som starta på deira høgre side. Martin Torp svinga ballen elegant inn i Florømålgarden. Herman Henriksen vann duellen og får hedda knallhardt mot mål. Jacob Storevik var derimot i storform og serverte ei kanonreding.

Dommar Sinnes bles av kampen og poengdeling på Jessheim stadion.

Foto: Cecilia Molander

 

Ull/Kisa vs Florø 1-1 (1-0)

  • Jacob Storevik

  • Oliver Rotihaug -83 min Torje Naustdal

  • Andre Reksten

  • Vegard Gjermundstad

  • Christer Husa

  • Otar Javashvili

  • Halvor Solheim-Olsen

  • Peter Aase

  • Stefan Aase

  • Erik Eikeng - 92 min Badu

  • Vegard Savland - 58 min Patrik Johannesen

  • Innbyttarar: Renze Fij-Simen RekstenSolheim-Lorent Callaku-Torje Naustdal-Badu-Patrik Johannesen


Annonse fra Obos-ligaen: