Poengdeling mot Ull/Kisa

Ein jamnspelt og underhaldande kamp, der begge lag truleg var misfornøgd med kun eit poeng.

Ein underhaldande omgang

I det domaren bles igang kampen var det to lag som gjekk ut særs offensivt. Florø ville tydeleg revansjere dei siste kampane sitt dårlege offensive spel. Ull/Kisa var ikkje noko dårlegare og dei første 30 minutta var særs underhaldane med mykje god fotball.

Til trass for at Florø gjekk ut i stort tempo og viste at dei ville angripe, var det Ull/Kisa som skåra først. Eit innkast "alle" trudde var til Florø, gjorde at Florøspelarane stoppa litt opp. Imidlertid peika domaren innkast til Ull/Kisa. Dei sette raskt igang og passive Florøspelarar slapp dermed til Ole Andreas Nesset. Han fekk altfor lett vende av ein Florøspelar og sette ballen forbi Niclas Frenderup. Kampen var då berre 8 minutt gamal!
Denne kald-dusjen gjorde imidlertid til at Florøspelarane sette opp eit enno større offensivt tempo. 

Utlikning 1-1

Florøspelarane vakna etter målet imot. Dei vann fleire duellar, ballen gjekk raskare mellom spelarane og publikum var godt nøgd med utviklinga.

Etter 15 minutt fekk dei blåsvarte løn for ikkje å gi opp. Stefan Aase flikka ballen fint til Christer Husa. Han gjorde som han skulle: drog seg ned mot dølinja og sende ballen 45 grader utover. Der sto godt plasserte Halvor Solheim-Olsen og banka ballen kontant i mål.

Omgangen held fram med stort tempo og fleire halvsjansar til begge lag. Men domar Steinar Hauge bles av omgangen etter 46 minutt og laga gjekk til pause med stillinga 1-1.

God stemning på bana og på tribuna, då Florø endeleg viste kva som ligg i laget.

2.omgang

Forventningane til 2.omgang var stor, men ei regntung grasmatte resulterte etterkvart i tunge bein og mindre underhaldande fotball. Kampen bølga fram og tilbake, der mål fort kunne kome i begge endar.
Eirik Høydal var nær ved å gi vertane leiing i det 64 minutt. Ei klassisk kontring, der Høydal fekk nytta farta si maksimalt. Frå 16 meter lada han skotfoten og sende avgarde eit godt skot. Berre ein god Stefan Hagerup, hindra Høydal i å noterer seg for sitt første OBOS mål.

Frenderup med tigersprang

Ull/Kisa gav heller aldri opp og mot slutten av kampen fekk dei to gigantiske målsjansar. Først er det Martin Torp som legg inn frå 16 meter. Ballen traff ein Florøspelar, endra retning og gjekk mot krysset til Frenderup. Dansken viste derimot klasse og med eit tigersprang slo han ballen ut! Rett før slutt kunne Ull/Kisa fort teke med seg alle poenga. Normann Hansen fekk eit nydleg innlegg frå venstre og vann luftduellen. Han stanga ballen hardt mot mål, med nok ein gong var Frenderup på plass og hindra skåring.

Kampen ebba ut og etter 94 minutt blåste domaren av kampen. Eit OK resultat utifrå kamputvikling, men begge lag var nok misfornøgd med kun eit poeng. Florø viste seg derimot fram på ein positiv måte. Christer Husa med ein solid kamp både offensivt og defensivt. Torje Nausdal med god kontroll på midtbana og Erik Eikeng som ein løps- og duellsterk spiss.


Foto: Margrethe Gjertsen-Cecilia Molander-Truls Kleiven


Florø vs Ull/Kisa 1-1 (1-1)

  • Niclas Frenderup

  • Andre Frøyen Reksten -85 min Dejan Corovic

  • Simen Reksten-Solheim

  • Vegard Gjermundstad

  • Christer Husa

  • Torje Naustdal

  • Stefan Aase

  • Halvor Solheim-Olsen

  • Oliver Rotihaug

  • Erik Eikeng -93 min Lorent Callaku

  • Eirik Høydal - 70 min Alioune Ndour

Annonse fra Obos-ligaen: