Uavgjort mot Åsane

Florø fekk ikkje den revansjen dei ønska seg og måtte ta til takke med uavgjort. Åsane scora på sin einaste sjanse, medan Florø hadde fleire sjansar til å ta alle tre poenga. Foto: Cecilia Molander

Florø best i gang - Åsane lite villeg til å angripe

Det var Florø som starta friskast og som var det mest aggresive laget i første del av kampen. 

Etter 8 minutt fekk Florø hjørnespark. Endre Kupen skrudde ballen fint i feltet. Ballen havna etterkvart hos Luc Jeggo. Han skaut frå 8-9 meter, men traff eigen spelar som "redda" på streken. 

Vertane held fram presset og fekk ein ny sjanse etter 13 minutt. Christopher Lindquist dribla av to Åsanespelarar før han fekk slått ballen fint innover mot Endre Kupen. Desverre var Endre "to centimeter" frå å nå ballen. 

Kampen roa seg - lite underhaldande

Etter dei første 20 minutta roa kampen seg. Florø med klart størst ballinnhav, men fekk ikkje fleire store målsjanser.

Åsane med bortimot null målsjansar og lite villeg til å angripe. Det næraste vi kan kalle ein målsjanse,kom etter ein døball i det 44. speleminutt. Eit brukbart skot mot Florømålet, men Niclas Frenderup hadde god kontroll. 

Åsane var nok det laget som var mest førnøgd med uavgjort. Florø klart best og burde leia kampen.

2.omgang - Florødominans, men Åsane i leiing

Florø kom også i denne omgangen best i gang. I det 50.minutt får vertane på ny ein god døballsjanse. Eit flott innlegg som Halvor Solheim Olsen er først på. Nok ein gong redning på strek, men denne gongen var det ein Åsanespelar som fekk hindra Florømål. 

Ut av "ingenting" går Åsane opp i leiinga

Mot spelets gang, er det Åsane som scora det første målet. Erik Huseklepp fekk med seg ballen og forserte oppover på sidelinja. Eit perfekt innlegg til Simen Lassen, som kom frå eit djupt løp, og Åsane kunne juble for mål i det 63.minuttet.

Florø svarer 

Åsane sitt mål ga Florøspelarane eit "spark bak" og utlikninga måtte etterkvart kome. Eit nydleg Florøangrep ender med eit godt og hardt innlegg frå Peter Aase. På 12-15 meters hold står Halvor Solheim Olsen og dunkar til ballen. Åsanemålvakta strekte seg alt han kunne, men ballen fauk i mål. 1-1 og stor jubel blandt dei knappe 900 på tribuna.

Dobbeltsjanse og sjansesløseri

Florø forsette og produserer sjansar, men ballen ville ikkje i mål. I det 68. og 69. minutt var det utruleg at Florø ikkje scora. Først var det Christer Husa som hedda eit godt innlegg mot mål - men Åsane fekk klarert. Minuttet etter er det Halvor Solheim Olsen som stangar til ballen, men igjen på feil side av stengene. Utover mot slutten av kampen fekk Florø nokre halvsjansar, men Åane fekk klarert det som kom.

Åsane på si side var lite interessert i å angripe og deira spel minna meir om gamaldags "kick and run" fotball.

Alt i alt kan vi konkludere med at Florø tapte to poeng og Åsane vann eit poeng.

Firdaposten skriv om kampen

NRK skriv om kampen


Foto: Eivind Hauge og Cecilia Molander


Florø vs Åsane 1-1 (0-0)

  • Niclas Frenderup

  • Christer Husa

  • Simen Reksten Solheim

  • Vegard Gjermundstad

  • Christopher Lindquist

  • Luc Jeggo -86 min Torje Naustdal

  • Peter Aase

  • Halvor Solheim-Olsen

  • Stefan Aase

  • Endre Kupen

  • Eirik Høydal - 60 min Torbjørn Aabrekk

Annonse: