Ny nedtur mot Tromsdalen

Etter å forsvart seg godt i 86 minutt, måtte Florø nok ein gong bokføre eit surt tap.

1.omgang - sjansefattig

Første omgang vart lite underhaldande og med sær få målsjansar.
Florø var disiplinerte i forsvar og hadde god balanse i laget. Offensivt skapte Florø lite. Halvor Solheim-Olsen med Florø si einaste avslutning mot mål. I det 44. minutt fekk han eit fint innlegg frå høgre. Halvor fekk stå umarkert på 10-12 meter, med heddinga gjekk høgt over.

Tromsdalen med tre halvsjansar i 1.omgang. To skot utanfor og eit rett på Niclas Frenderup.

Laga gjekk til pause der Tromsdalen styrte det meste av banespelet, men Florø godt organisert og slapp ikkje vertane til dei store sjansane.

2.omgang og nedtur i sluttminutta

Vi fekk ein litt meir underhaldande 2.omgang og Florø kom til den første målsjansen etter 55 minutt. Erik Eikeng kombinerte fint med Halvor Solheim-Olsen og fekk avslutta frå 16 meter. Skotet gjekk derimot eit godt stykke utanfor.

Deretter fekk Tromsdalen ei god avslutning av Andreas Løvland. Han fekk ein god ball på hjørnet av 16 meteren og skaut hardt i korthjørnet til Niclas Frenderup. Niclas var derimot lynrask nede og fekk slått ballen ut til hjørnespark.

Nedturen

Etter at Florø hadde forsvart seg godt i 86 minutt, skora Tromsdalen sigersmålet. Dei tråkla seg fint gjennom Florøforsvaret og åleine med målvakta gjorde Vegard Lysvoll ingen feil.

Florø flytta fram alt dei hadde dei siste minutta,men Tromsdalen sto i mot og alle tre poenga vart verande att i Tromsø.


Tromsdalen vs Florø 1-0 (0-0)

  • Niclas Frenderup

  • Oliver Rotihaug

  • Runar Hove

  • Vegard Gjermundstad

  • Christer Husa

  • Luc Jeggo - 78 min Simen Reksten Solheim

  • Halvor Solheim-Olsen

  • Stefan Aase

  • Torje Naustdal - 65 min Eirik Høidal

  • Dino Omerovic - 92 min Lorent Callaku

  • Erik Eikeng

  • Innbyttarar: Torje Naustdal-Lorent Callaku-Simen Reksten Solheim-Eirik Høydal-Jacob Storevik

Annonse fra Obos-ligaen: