Lagsiger mot Tromsdalen

Sjølv om Halvor Solheim-Olsen ordna mål og Jacob Storevik hadde fleire matchredningar, var dette først og fremst ein lagsiger.

Sjanserik førsteomgang

Florø gjekk offensivt ut og viste alle på Florø stadion at denne kampen ville dei vinne. Høgt press, balltempo og rask forflytting prega dei første 30 minutta av kampen.

Debutant Vegard Savland markerte seg allereie etter 2 minutt. Eit frispark frå Peter Aase traff Savland, som skaut i retning mål. Ein heldig Tromsdalenspelar fekk blokkert. Stor jubel frå Stimen og Florøpublikum.

Halvor Solheim-Olsen ville også markere at han var på bana. Etter 5 minutt tok han med seg ballen frå venstre side og fossa framover. Frå 18 meter banka han ballen mot Marius Berntzen i Tromsdalen sitt mål. Målvakta var sjanselaus, men ballen traff tverra og ned i bakken(på feil side)!

Tromsdalen hadde meir enn nok med å forsvare seg desse første minutta. Etter å ha rista av seg "opningssjokket" fekk dei sin første sjanse etter 9 minutt. Vegard Lysvold fekk eit gjennomspel og kom åleine med Florømålvakt Jacob Storevik. Storevik i toppform vann duellen og hindra mål for gjestane.

Halvor ordna mål

Florø held fram å presse og skulle etterkvart få mål. Etter 12 minutt slapp jubelen laus. Erik Eikeng fekk ballen på si høgre side og drog seg innover. Halvor som var meir enn løpsvillig,såg høve og stakk inn i bakrommet. Eikeng kippa ballen i rommet og Halvor sette ballen iskaldt under målvakta.

Dei blåsvarte hadde no full kontroll på kampen og held fram med det gode spelet. Etter 15 minutt er Savland igjen i fokus. Christer Husa slo eit godt legg frå høgre og i retning deutanten. Savland med C-moment og traff ballen på heilvolley. Knallhardt mot mål - målmann fekk ikkje opp hendene,men ballen strauk få centimeter over.

Etter 19 minutt melde Oliver Rotihaug seg på sjansestatestikken. Han viste gode offensive takter, drog seg forbi alle og slapp ballen fint inn til Luc Jeggo. Ballen glapp på foten til Luc og strauk såvidt utanfor.

Vi såg no eit godt "gamaldags" Florølag på bana. Alle jobba ilag og flytta beina meir enn motstandaren. Akkurat slik vi hugsar at dei gjorde sist sesong. 

Dei siste 10 minutta av omgangen kom derimot Tromsdalen sterkt tilbake og tok over initiativet. Ein del neglebiting på Florøbenken, men gutane på bana rydda unna dei få angrepa som kom.

Etter tre minutt tilleggstid bles dommaren av omgangen. Florø det klart beste laget og tok med seg applaus inn til kvilen.

2. omgang 

Etter ein litt nølande start på omgangen var det nok ein gong Florø som kom til sjansane. Etter 55 minutt fekk vi ei god Florøkontring. Vegard Savland fekk ballen på midtsirkelen og sette fart framover. Han drog med seg alle Tromsdalen sine forsvararar mot venstre. Bakfra på høgresida fossa Eikeng framover. Savland slapp ballen til Eikeng som frå skrått hald desverre traff nettveggen. Likevel gode takter og stor jubel frå tribuna.

Artisteri frå Savland

Debutant Savland var både løpsvilleg og målkåt. I det 58.minutt var han nær ved å skore årets mål. Otar Javi svinga eit perfekt legg inn i 16 meteren. Savland hoppa, lada kanona og skaut igjen knallhardt på heilvolley. Ballen strauk tverra, men på feil side. Ståande applaus, men synd at Savland ikkje fekk mål i debyen.

Etter Savland si flotte oppvisning, kom Tromsdalen meir med. I sluttminutta kom Tromsdalen til nokre målsjansar, men ein god Jacob Storevik held nullen og dermed tre uhyre viktige poeng til Florø.

Foto: Truls Kleiven

Florø vs Tromsdalen 1-0 (1-0)

  • Jacob Storevik

  • Andre Frøyen Reksten

  • Vegard Gjermundstad

  • Christer Husa

  • Oliver Rotihaug

  • Luc Jeggo - 45 min Moses Dyer

  • Peter Aase

  • Halvor Solheim-Olsen

  • Otar Javashvili

  • Erik Eikeng - 82 min Stefan Aase

  • Vegard Savland - 87 min Simen reksten Solheim

  • Innbyttarar: Renze Fij-Simen Reksten Solheim-Stefan Aase-Lorent Callaku-Badu-Patrik Johannesen-Moses Dyer


Annonse fra Obos-ligaen: