Tap i Kristiansand

Florø si sigersrekke i OBOS vart brutalt broten på Sør Arena i kampen mot Start. Ein forsvarstabbe som førde til Start sitt første mål prega Florøspelarane utover i 1.omgang. Florø med ein god andre omgang, men Start effektive og vann kampen 2-0.

Dei første 30 speleminutta, sjansefattig men......

Den første halvtimen registrerte vi få målsjansar til laga. Start gjekk derimot opp i leiinga etter ein gedigen forsvarstabbe frå Florø i det 15.speleminuttet. Espen Børulfsen snappar ballen frå ein ukonsentrert Runar Hove. Børulfsen gjorde ingenting feil då han kom åleine mot Niclas Frenderup. Ei skotfinte og han fekk putta ballen lett i mål.

Florøspelarane tydleg prega av målet i mot og spelte unøyaktig og med mange pasningsfeil og balltap utover mot pause.

Florø fekk nokre kontringssjansar, men vart effektiv stoppa av Start sin bakre firer. 

Nær utlikning for Florø

Sjølv om Start hadde ballen mest og styrte spelet utover i omgangen, fekk Florø sin målsjanse. Monir Benmossa fekk dribla av nokre Startspelarar før ballen enda opp hos Endre Kupen. Kupen fekk vendt opp og skote, men desverre vart skotet blokkert.

Start hadde nokre halvsjansar mot slutten av omgangen, der Daniel Aase var involvert i to gode angrep. Han kom seg i begge situasjonane ned på dølinja. Den eine gongen spelte han ut til Ibrahim, men hans skot gjekk i nettveggen. Aase prøvde sjølv i neste angrep, skotet vart blokkert av Florø og havna ut i feltet. Der får Erlend Segberg tid til å styre ballen mot mål, men nok ein gong vart skotet blokkert.

Kampen til pause. Florø sjeldan passive og med alt for mange personlege feil i 1.omgang. Start leia fortjent 1-0 og kunne med betre utteljing leia med meir. 

Friskare start av Florø 

Florø starta andre omgang meir aggresivt enn vi fekk sjå i 1.omgang. Endre Kupen med ein halvsjanse med eit skot i lengste hjørnet for Håkon Opdal. Startmålvakta måtte gje retur, men der var ingen til å putte ballen i det opne målet.

Etter 54 minutt rulla Florø opp eit godt angrep. Ballen havna ute hos Christopher Lindquist som slår ballen hardt og lavt inn i feltet. Ein Startspelar får derimot klarert. Den påfølgande korneren endte med frispark til Håkon Opdal.

Start svarte med to gode angrep, men ingen av sjansane sette Niclas på nevneverdig prøve.

Kornermål til Florø - annulert

Ein godt innoverskrudd korner frå venstre vart i det 65 minuttet stanga i mål av Vegard Gjermundstad. Målvaktene er som kjend totlalt beskytta i 5 meteren og dommaren blåste frispark til Opdal. Florø var inne i ein god periode her og hadde fortjent utlikning.

Nokre minutter seinare rullar Florø opp eit nytt godt angrep. Ballen enda til slutt hos Endre Kupen som vendte vekk ein spelar og fekk skote mot mål. Balle strauk såvidt utanfor.

Christer Husa med i angrep

Florø pressa på for utlikning og flytta laget høgare opp på bana dei siste 15 minutta. Christer Husa nær skoring, etter å ha dribla seg gjennom heile Start sitt forsvar. Christer får skote, men ein god Håkon Opdal får avverga utlikninga.

På overtid fekk Florø frispark midt på bana. Eit innøvd trekk ender med godt innlegg frå Christer Husa. Chrisopher Lindquist får hedda ballen, men over mål.

Børulfsen og Aase punkterte kampen 

Godt på overtid, sikra Start sigeren mot Florø. Korleis dette målet kom er usikkert, då Eurosport sine signal frå Sør Arena ikkje nådde fram til Florø...

Dommar Sivert Amland blåste av kampen etter seks tilleggsminutt. Florø mykje betre med i 2.omgang, og kunne fort fått med seg eit poeng frå sørlandsbyen.


Foto: Geir Rindheim, Frode Nybø og Eurosport


Start vs Florø 2 - 0 (1-0)

  • Niclas Frenderup

  • Christer Husa

  • Runar Hove

  • Vegard Gjermundstad

  • Christopher Lindquist

  • Luc Jeggo

  • Halvor Solheim-Olsen - 60 minutt Stefan Aase

  • Peter Aase

  • Monir Benmoussa - 74 minutt Torbjørn Aabrekk

  • Endre Kupen

  • Rashad Muhammed

Annonse: