Svak heimekamp og tap

Arendal med "kniven på strupa" scora kampen sitt einaste mål og fekk med alle poenga heim til sørlandet.

Jamnspelt 1.omgang med få, men to store målsjansar

Florø starta dei første fem minutta med mest ballinnhav, men kom ikkje til dei store målsjansane. Halvor Solheim-Olsen med ein halvsjanse etter fem minutt,men vart stoppa før han fekk skote skikkeleg.

Slurvete tversoverpasning ga Arendal kjempesjanse

Etter 13 minutt sendte Christopher Lindquist ei håplaus tversoverpasning på eigen banehalvdel. Arendal sin lynraske Ylldren Ibrahimaj snappa ballen og kom åleine med Niclas Frenderup. Den danske målvakta vann duellen med ei kjemperedning. Arendal burde ha gått opp i leiinga i den situasjonen..

Dei neste minutta var det få målsjansar på Florø stadion. Nærast var Arendal. Ei knallhard pasning frå venstre går gjennom heile Florøforsvaret. Heldigvis for Florø var arendalspelaren som heiv seg fram, for sein.

Florø fekk ein brukbar sjanse etter 33 minutt. Stefan Aase fekk ladda skotfoten på ein retur,men skotet gjekk langt over.

Florøkontring og Kupen er nær

Etter 41 minutt fekk Florø sin første store målsjanse. Arendal sitt hjørnespark blir hedda utover og Endre Kupen fekk raskt ballen. Han sette fart framover og kom åleine med Arendal si danske målvakt Marco Jørgensen. Kupen prøvde å kippe ballen over Jørgensen,men målvakta vann duellen.

Pauseresultat 0-0, der Arendal hadde den største målsjansen. 

2.omgang og Florø starta best

Florø kom best i  gang med omgangen og hadde god kontroll på Arendal. Dei første 15 minutta av omgangen gav derimot ingen målsjansar.

Etter 60 minutt driblar Endre Kupen seg fint ned på høgresida og spelte ballen 45 grader ut til godt plasserte Stefan Aase. Den berømte "ryggsekken" gjorde at skotet gjekk langt over. Stefan Aase burde styrt ballen i mål i den situasjonen!

Florø rulla opp med godt spel i denne perioden og etter 69 minutt er det Christopher Lindquist som er nær med å gi vertane leiinga. Han dribla seg fint gjennom Arendal sitt forsvar og skyt hardt frå skrå vinkel. Ballen stryk såvidt utanfor og stillingskrigen heldt fram.

Arendal meir med og får si scoring

Arendal kom meir med i kampen utover i omgangen. Etter 72 minutt får dei ein kjempesjanse. Godt spel vart avslutta med eit godt skot av Rasmus Christensen som kom stormande på bakerste stolpe. Igjen er Niclas Frenderup på plass og redda dei blåsvarte.

I det 81. minutt vart kampen avgjort. Florøforsvaret laga eit unødvendig frispark rett utanfor 16 meteren.  Jakob Rasmussen tok fart og skaut hardt i mål. Etter kampen tok Florømålvakta på seg skulda for å ha sleppt inn det frisparket. Han hadde ein tanke om at Rasmussen, som tidlegare, ville legge ballen over muren. Denne gongen la Rasmussen derimot ballen i målvakthjørnet og Frenderup måtte innrømme at han feilvurderte situasjonen.

Florø skuffande svake på heimebane og særleg offensivt var laget langt frå det vi har sett tidlegare i sesongen.

 
Foto: Margrehe Gjertsen og Cecilia Molander


Florø vs Arendal 0-1 (0-0)

  • Niclas Frenderup

  • Christopher Lindquist

  • Vegard Gjermundstad

  • Simen Reksten Solheim

  • Christer Husa

  • Luc Jeggo

  • Halvor Solheim-Olsen 81 min Badou Ndour

  • Stefan Aase

  • Monir Benmossa

  • Endre Kupen

  • Oliver Rotihaug 71 min Torbjørn Aabrekk

Annonse: