Endeleg kom sigeren

Spelarar,trenerteam og publikum har venta lenge. Mot Strømmen kom endeleg sigeren alle har venta på.

Mål:

1-0 Oliver Rotihaug (1 min)

2-0 Badou (55 min)

2-1 Sindre Mauritz-Hansen ( 90 min)

Florø aggresive frå start - pangstart

Stadionuret var knapt starta før Florø gjekk opp i leiinga. Dei blåsvarte gjekk rett i angrep. Stefan Aase fekk ballen ute på venstre sida og slo ei elegant pasning over på motsatt side. Der kom Oliver Rotihaug stormande og brende til på heil volley. Ballen skaut fart og Strømmen si målvakt var sjanselaus. Dette førte sjølvsagt til stormande jubel frå 850 tilskodarar.

Florø viste seg frå ei "ny" side mot Strømmen. Spelarane var meir aggresive i duellspelet, vann andreballar og viste oppofrande spel.

Etter 6 minutt varta Florø opp med eit nytt godt angrep, men avslutninga til Oliver Rotihaug vart for laust og Stian  Bolstad i Strømmenmålet hadde ingen utfordring med å redde skotet.

Dei blåsvarte held fram med det gode spelet og Strømmen kom aldri med reelle målsjansar.

Etter 12 minutt var Stefan Aase få centimeter frå å dobble leiinga. Han drog seg fint innover og sende avgarde eit kanonskot. Diverre nokre centimeter for høgt. Omgangen vidare bølga fram og tilbake, der ingen av laga kom til 100% sjansar. Strømmen ikkje ufarleg, men Florøforsvaret godt organisert og rydda greit unna det gjestane prøvde på. Særleg var Luc Jeggo god på Florø si midtbane. Han var knallhard i duellspelet og sprang meir enn dei fleste.

Pauseresultat 1-0, der vertane var klart best i 1.omgang.

Florø starta best i 2.omgang også

Det var frå starten av 2.omgang tydeleg at Florøspelarane var svoltne på å dra i land sigeren. Sjølv om dei ikkje kom dei store målsjansane i opningsminutta, hadde dei full kontroll bakover.

Etter 55 minutt kom eit mønsterangrep som enda med 2-0 leiing. Oliver Rotihaug kom seg ned på dølinja og sende ballen inn i boksen. Ein heiltent Badou vann duellen og styrde ballen elegant i mål.

Kampen bølga dei neste 10-12 minutta fram og tilbake utan at laga kom til store målsjansar.

I det 66. minutt fekk Strømmen sin Mathias Blårud sitt andre gule kort og måtte forlate bana. Dei fleste pusta nok då ut og rekna med at resten av kampen vart "plankekøyring".

Men, som fotballinteresserte ofte har sett - eit lag med ein spelar mindre enn motstander, får ekstra energi og lagar ofte trøbbel for laget som leiar.

Dette fekk vi også sjå på Florø stadion. Strømmen tok over initiativet i kampen og hadde fleire gode målsjansar. I det 75. minutt kom ein Strømmenspelar åleine med Niclas Frenderup. Skotet(eller forsøket på å lobbe over Niclas) fekk derimot Niclas ei hand på og ballen gjekk over.
Strømmen held fram med godt spel og etter 81 minutt fekk dei enda ein kjempesjanse. Pål Steffen Andersen vann ein luftduelle og fekk stanga ballen hardt mot mål. Niclas Frenderup ville derimot ikkje sleppe inn ballen og varta opp med ei kjemperedning.

Florø vart pressa bakover, men kom også til gode målsjansar. Både Badou og Eirik Eikeng fekk gode skot på mål, men stillinga såg ut til å bli 2-0 til heimelaget.

Strømmen gav ikkje opp, og i det 90.minutt fekk dei trøystemålet sitt ved Sindre Mauritz-Hansen.

Etter 3 minutt tilleggstid og behandling av ein kuttskada Simen Reksten-Solheim, avslutta domar kampen og jubelen braka laus på stadion. ENDELEG:)

 

Foto: Margrethe Gjertsen-Cecilia Molander


Florø vs Strømmen 2-1 (1-0)

  • Niclas Frenderup

  • Christer Husa

  • Vegard Gjermundstad

  • Andre Frøyen Reksten - 46 min Simen Solheim

  • Oliver Rotihaug

  • Luc Jeggo -89 min Dino Omerovic

  • Torje Naustdal - 85 min Eirik Høydal

  • Stefan Aase

  • Peter Aase

  • Eirik Eikeng

  • Badou

Annonse fra Obos-ligaen: