Heilsvart i årets siste heimekamp

Strømmen takla både veret, bana og spelet best

Strømmen kom best i gang

Det var Strømmen som kom best i gang på Florø stadion. Allereie etter 1 minutt fekk ein gråraud stå åleine på 6-7 meter å hedde mot mål. Niclas Frenderup var heldigvis "på tå hev" og fekk slått vekk ballen. Florø svarte med eit godt angrep der Christer Husa fekk sendt avgarde eit godt skot. Målvakta måtte gje retur, og der dukka Endre Kupen opp. Desverre vart returskotet blokkert og framleis 0-0.

0-1 etter 10 minutt

Strømmen pressa på og fekk til slutt uttelling. Martin Trøen vart spelt gjennom og fekk stå åleine på 16 meter. Han styrte skotet elegant opp i hjørnet og Niclas hadde små sjansar til å nå opp.

Florø vakna,  fekk ballen i mål, men annulert

Strømmen sitt mål verka som ei vitamininnsprøyting for Florø. Etter 13 minutt fyrte Luc Jeggo avgarde eit meget godt og hardt skot frå 25 meter. Ein god Stian Bolstad i Strømmen sitt mål fekk slått ballen ut til hjørnespark.

Nokre minutt seinare fekk Florø endeleg ballen i mål. Eit mønsterangrep, der Stefan Aase slår hardt inn frå høgre. På bakerste stolpe dukka Torbjørn Aabrekk opp og dunkar ballen i mål. Assistentdommer var imidlertid raskt oppe med flagget og annulerte målet, for offside.

Etter 36 minutt var Christer Husa sterkast i ein hodeduell, men igjen er det Strømmen sin målmann som hindra utlikning.

Dei siste 9-10 minutta registrerte vi ingen store målsjansar og laga gjekk til pause med leiing til gjestane.

Strømmen banka Florø - heilsvart omgang

Florø prøvde å flytte laget opp på bana i starten av omgangen, men vart hardt straffa. To mål i løpet av 6-7 minutt og kampen var i realiteten avgjort. Ikkje nok med to raske baklengsmål : etter nye 6-7 minutt scora gjestane sitt 4.mål. 

I det 70.minutt vart Florø nok ein gong straffa og gjestane banka inn sitt femte mål. 

48 min: 0-2 Ulrich Ness

55 min: 0-3 Stian Rasch

63 min: 0-4 Ulrich Ness

70 min: 0-5 Steinar Strømnes

Trøstemålet kom

Strømmen fekk utvist Kristian Jahr i det 73. minutt og Florø fekk meir overtak i banespelet. Etter 87 minutt fekk Florø sitt trøstemål, der Stefan Aase var sistemann på ballen.

Kampen ebba ut og Strømmen med ein velfortjent siger. 

NRK skriv om kampen



Foto: Cecilia Molander

Florø vs Strømmen 1-5 (0-1)

  • Niclas Frenderup

  • Christer Husa

  • Vegard Gjermundstad

  • Simen Reksten-Solheim

  • Andre Reksten - 65 min Badu

  • Luc Jeggo -70 min Dino Omerovic

  • Stefan Aase

  • Torbjørn Aabrekk - 55 min Erlend Hove

  • Halvor Solheim-Olsen

  • Endre Kupen

  • Christopher Lindquist

Annonse: