Sparebanken Sogn og Fjordane forlengar sponsoravtale

Sparebanken Sogn og Fjordane held fram det gode samarbeidet med Florø Fotball.

Vår generalsponsor Sparebanken Sogn og Fjordane har inngått ny avtale med Florø Fotball.

For oss er det enormt viktig å ha ein slik støttespelar som Sparebanken Sogn og Fjordane. Mange har kjent på tøffe tider gjennom dette året, og for oss som lever på støttespelarar så er slike avtalar avgjerande. Ein slik avtale gir oss føreseielegheit for arbeidet vi driv i klubben vår framover så vi er veldig nøgde. Avtalen gjeld ut 2023.

Fine prosjekt på gang

I tillegg til den nye sponsoravtalen, får Florø Fotball ei øyremerka gåve frå banken. I 2021 er det desse prosjekta midlane skal bli brukt på:

  • Florø Fotball ønsker å starte med fotballfritidsorning for barn i alderen 6-13 to gongar i veka, der målet er å skape ei aktiv fritidsordning for barn og unge i Florø.
  • Florø Fotball ønsker å bygge ein sterkare organisasjon med fleire kompetente ressurspersonar på leiarsida og trenarsida.
  • Gratis ferietilbod for barn og ungdom i sommar- og haustferien.

Vi gleder oss til å halde fram og utvikle det gode samarbeidet vi har med Sparebanken Sogn og Fjordane.

 

https://www.meirennbank.no/blog/2020/12/17/vi-forlengar-med-floro-fotball/

Annonse: