Florø best i fylket

Saftkokarar, frukt, Olav Stedje, Campus og mykje pengar. Det hjelpte ikkje mot dei blåsvarte frå kysten. Lillebror slo storebror og er best i fylket!

1-0:   9 min Sigurd Haugen
1-1: 28 min Runar Hove
1-2: 50 min Runar Hove
1-3: 61 min Badou
2-3: 94 min Eirik Schulze

Stort tempo frå start

Kampen starta i stort tempo og med hurtige ballvekslingar. Sogndal var nok laget som hadde ballen mest, men Florøspelarane slapp ikkje sogningane til i dei første minutta.

Det var Sogndal som fekk det første målet. Sixten Jensen tok med ballen frå midten og skar raskt innover. Sigurd Haugen posisjonerte seg perfekt mellom Florøforsvaret og fekk etterkvart ein vakker stikker frå Jensen. Dette førde til at Haugen kom åleine med målvaktdebutant Renze Fij. Haugen sette ballen hardt i lengste hjørne og via stolpen gjekk ballen i mål. Kampuret viste då 9 minutt.
Ein kalddusj for Florø og ein stor opptur for smånervøse sogningar.

Sogndal var no inne i ein god periode og pressa Florø bakover. Etter 17 minutt fekk heimelaget ein ny stor sjanse. Eirik Schulze såg ein umarkert Sixten Jensen inne i feltet. Eit perfekt innlegg traff godt på hodet til Jensen som hedda rett mot mål. Florømålvakt Fij viste klasse og varta opp med ei nydleg redning. 

"Hove på hove"

Etter ein god sogndalperiode vakna etterkvart dei blåsvarte. Duellar, andreballar og spel sette seg og Sogndal vart pressa bakover. Etter 28 minutt måtte Sogndal gje gjestane hjørnespark. Florø flytte sjølvsagt fram sine fyrtårn frå forsvarsrekka og Javashvili gjorde seg klar frå høgre hjørne.

"Java" sende eit perfekt innoverskrudd hjørnespark som traff der den skulle. På "hove til Hove" og 1-1. Sogndal rysta og ny spaning i kampen.
Sogndal prøvde utover mot slutten av omgangen og igjen erobre leiinga. Florøforsvaret rydda derimot opp i dei få angrepa som kom.

Dommar Steinar Hauge la ikkje til tilleggsminutt og etter 45 minutt bles han av til pause. Sogndal med eit lite overtak i omgangen, men Florø godt med i kampen.

Florø sin omgang

Sogndal starta slik dei slutta 1.omgangen. Mykje ball - lite på mål. Etterkvart opna Sogndalforsvaret seg og Vegard Savland fekk vist seg fram. Eit nydeleg nedtak, ei lekker vendig og skot. Kjetil Wæhler fekk tåa på ballen og skotet gjekk til hjørnespark.

"Hove på hove - igjen"!

På det påfølgjande hjørnesparket ruva Runar Hove høgst og stanga kontant inn 1-2 og leiing til Florø. Say no more.... Kampuret viste no 50 minutt.

Skåringa til Runar og leiinga til Florø gav dei blåsvarte ny og viktig energi. Dei jobba godt i lag og slapp aldri Sogndal til dei store sjansane.

Badou - badou - badou....

Sogndal måtte no framover og då opna det seg for Florø. Etter ei kontring fekk Florø innkast på si venstre side. Exhandballspelar Christer Husa tørka ballen og kasta langt inn i Sogndal sitt felt. Først på ballen var Vegard Gjermundstad. Han stussa ballen mot bakre stolpe. Badou oppfatta dette raskt og hedda ballen forbi ein utspelt Mathias Dyngeland i Sogndalburet. 
1-3 til Florø og kampen hadde pågått i 61 minutt.

Sogndal måtte no framover og kom til nokre gode målsjansar. Ein god Renze Fij og dårlege avslutningar frå Sogndal, gjorde  at stillinga vart ståande.

Sogndal satsa vidare framover og dette straffar seg ofte. Ei god Florøklarering enda opp med Vegard Savland på midtstreken. Han tok med ballen og kom åleine med Kjetil Wæhler. 41 åringen var ikkje i nærleiken av å ha same fart som Savland og måtte ty til ulovlegheiter for å stoppe naustdølen. Steinar Hauge dømde korrekt straffe og jubelen steig blandt supporterane til Florø.

Ein målkåt Vegard Savland ville sjølv ta straffa og gjorde seg klar. Desverre for Vegard redda Mathias Dyngeland, det noko svake straffesparket.

Sogndal dytta alt dei hadde framover og kom til nokre gode sjansar. Særleg i det 81. minutt var dei nær redusering. Ulrik Flo med eit hardt innlegg som Sigurd Haugen var først på. Ballen strauk over tverra og framleis 1-3.

Sogndal fekk si redusering fire minutt på overtid. Ulrik Flo fekk hedda ballen fint tilbake til Eirik Schulze, som sette ballen i mål.

Sogndal fekk ikkje til noko meir og Florø innkasserte ein fortent siger på Fosshaugane.

Foto: Cecilia Molander


Sogndal vs Florø 2-3 (1-1)

  • Renze Fij

  • Christer Husa > 70 min Stefan Aase

  • Vegard Gjermundstad

  • Runar Hove

  • Andre Frøyen Reksten

  • Luc Jeggo

  • Halvor Solheim-Olsen

  • Peter Aase

  • Otar Javashvili

  • Vegars Savland > 93 min Dino Omerovic

  • Badou > 80 min Torje Naustdal

  • Innbyttarar: Simen Reksten Solheim-Stefan Aase-Erik Eikeng-Lars Kvarekvål-Patrik Johannessen-Torje Naustdal-Dino Omerovic

Annonse fra Obos-ligaen: