Dødballar tok knekken på Florø

To dødballar, som Florøspelarane putta i eige mål, tok knekken på Florø sitt håp om poengfangst mot Sandnes Ulf.

0-1: 5 min   Sjølvmål

0-2: 21 min Sjølvmål

1-2: 26 min Patrik Johannesen (str)

1-3: 83 min Erixon Danso

Tung start

Allereie etter fem minutter kom Florø bakpå. Eit hardt innoverskrudd hjørnespark, frå Sandnes Ulf, traff ein Florøspelar og Renze Fij var utspelt.
Ein tung start på ein kamp som Florø måtte vinne. Dei blåsvarte prøvde å heve seg, men kom ikkje til avsluttningar.
Eit nytt hjørnespark til Sandnes Ulf, etter 21 minutter, skulle gjere kamputviklinga enno verre for Florø. Nok eit innoverskrudd hjørnespark, som nærmast gjekk direkte i mål. Renze Fij var etter ballen, men dytta den berre meir inn i eige mål.

Florø slo tilbake

Florø gav ikkje opp og kom etter kvart framover på bana. Patrik Johannesen tok med seg ballen innover mot Sandnes Ulf sin 16 meter, men vart på ureglementert vis stoppa. Hovuddommar dømde frispark, men etter å ha snakka med assistentdommar peika han korrekt på straffemerket. Patrik Johannesen tok straffa sjølv og sette den knallhardt bak Niclas Frenderup.

Florø fekk no nytt håp om å ta igjen dei lyseblå. Etter 40 minutter fekk Florø frispark i god posisjon, ca 17 meter frå mål. Johannesen sende avgarde eit godt skot, men desverre for Florø traff ballen tverrliggaren.

2.omgang og Florø dominerte

Florø dominerte alt i 2.omgang, men klarte ikkje å utlikne. Ballen var stort sett på ein banehalvdel og det var smått utruleg at Florø ikkje fekk ballen i mål.
50.minutt: Lang ball i bakrom som Halvor Solheim-Olsen rakk først. Skotet like utanfor.
71. minutt: Langt innkast frå Christer Husa. Patrik Johannesen med brassespark - midt på målvakt Frenderup.
72. minutt: Otar Javashvili med godt skot som Frenderup må gi retur på. Christer Husa litt for sein på returen.
80. minutt. Halvor Solheim-Olsen med god hedding, men i nettveggen.
82.minutt: Døball som Husa vann, men nok ei hedding i nettveggen .

Game over

Så skjer det som ikkje skal skje. Kampuret viste 85 minutt. Andre Frøyen Reksten med eit laust tilbakespel mot Fij. Tilbakespelet snappa Erixon Danso lett  og plasserte den iskaldt bak Florømålvakta.
Etter dette gjekk "lufta" sjølvsagt ut av Florøspelarane og dei gav meir eller mindre opp i dei siste minutta av omgangen.
Etter fire minutt tilleggstid kunne Sandnes Ulf juble, medan Florø no er i skikkeleg trøbbel med tanke på vidare spel i OBOS -liganen.

Foto: Margrethe Gjertsen, Cesilia Molander og Truls Kleiven 


Florø vs Sandnes Ulf 1-3 (1-2)

  • Renze Fij

  • Christer Husa

  • Vegard Gjermundstad

  • Runar Hove

  • Andre Frøyen Reksten

  • Halvor Solheim-Olsen

  • Luc Jeggo - 87 min Torje Naustdal

  • Peter Aase

  • Oto Javashvili

  • Patrik Johannesen

  • Badou Ndour - 57 min Erik Eikeng

  • Innbyttarar: Lars Kvarekvål, Stefan Aase, Torje Naustdal, Moses Dyer, Lorent Callaku, Erik Eikeng, Dino Omerovic

Annonse fra Obos-ligaen: