Heilsvart

To nye på skadelista - fire mål i mot - passivt forsvarsspel og nesten ikkje skot på Sandnes Ulf sitt mål. Kampen vart eit svart kapittel for dei blåsvarte.

Hardt straffa

Sandnes Ulf gjekk raskt ut og tok initiativet i kampen. Heimelaget kom til nokre halvsjansar dei første minutta, men det var Florø som først kom til ein stor målsjanse. Halvor Solheim-Olsen la inn ein fin ball på bakerste stolpe og Lorent Callaku fekk hedda mot mål. Diverre for Florø vart heddinga alt for laus og målvakta hadde ingen utfordringa med å fange ballen.

Florø var no inne i ein relativt god periode og kom til ein ny målsjanse etter 16 minutt. Christer Husa fekk dratt seg fint ned på dølinja og sendte ballen inn mot mål. Lorent Callaku var tiandedelen for seint frå å kunne styre ballen i mål.

Istaden for mål til Florø var det Sandnes Ulf som gjekk opp i leiinga, rett etterpå. I feltet ,etter eit hjørnespark, blir ballen ureglementert behandla (hands) av ein Florøspelar og Sandnes Ulf fekk straffe. Kent Håvard Eriksen sendte ballen til venstre, medan Niclas Frenderup gjekk til høgre. 1-0 til heimelaget.

Brutale minutt for Florø

Kampen var spelt i 30 minutt då Simen Reksten Solheim vart skada. Frå TV bileta såg det ut som ei strekkskade i "hemstrings" / baklåret. Han måtte ut og Florø måtte omrokkere forsvarsleddet sitt.

   I det 37. minutt fekk Sandnes Ulf ny straffe. Niels Vorthoren dribla seg alt for lett inn i Florø sin 16 meter. Der "krasja" han med to Florøspelarar og domar peikte resolutt på straffemerket. Kent Håvard Eriksen banka ballen i mål og 2-0.

8-9 minutt etter dette, er Florøforsvaret særs passiv og lot Sandnes Ulf sin Kachi få fritt spelerom. Han dribla av to passive Florøspelarar før han iskaldt sendte ballen i lengste hjørnet og skaffa heimelaget tremålsleiing inn til pause.

2.omgang

Laga starta slik dei slutta i 1.omgang. Florø lot Sandnes Ulf kome alt for lett inn mot Florø sitt mål. Etter 50 minutt var det igjen Kachi som forserte alt for lett inn mot Florømålet. På 15.5 meters hald fekk han skote på mål. Niclas Frenderup var heldigvis vaken og fekk redda det skotet.

4-0

Etter 60 minutt var det klart for nytt mål til Sandnes Ulf. Vegard Erlien tok med seg ballen over på Florø si høgre side. Heile Florøforsvaret vart med og "gløymde" si venstre side. Der sto Kent Håvard Eriksen åleine - fekk ballen og gjorde ingen feil åleine mot Niclas Frenderup.

Niclas Frenderup ut på båre

Etter 69 minutt skadar Niclas Frenderup seg og vart liggande med store smerter i ryggen. I det han skulle kaste ut ballen, såg det ut som han fekk ei vridning i ryggen og han måtte legge seg ned. Det tok heile 13 minutt før hjelpemannskap fekk frakta dansken ut av bana og over i ambulansen.

Etter dette stoppet i kampen var det særs lite som skjedde. Florø fekk eit frispark i god posisjon, men skotet til Lorent Callaku gjekk rett i klypene på Sandnes Ulf si målvakt. Dette var eit av få skot på mål frå Florø si side i 2.omgang.

Sandnes Ulf med fortjent siger og tre nye poeng. Florø svake både defensivt og offensivt, men det verste var at Florø no fekk to nye spelarar på ei allereie lang skadeliste.


Sandnes Ulf vs Florø 4-0 (3-0)

  • Nicklas Frenderup - 79 min Jacob Storevik

  • Andre Frøyen Reksten

  • Simen Reksten Solheim - 30 min Dejan Corovic

  • Vegard Gjermundstad

  • Christer Husa

  • Torje Naustdal -46 min Luc Jeggo

  • Halvor Solheim-Olsen

  • Stefan Aase

  • Oliver Rotihaug

  • Erik Eikeng

  • Lorent Callaku

Annonse fra Obos-ligaen: