Poengdeling mot Tromsdalen

Endre Kupen sitt mål på overtid ga poengdeling på Florø Stadion.

Jamnspelt 1.omgang - få målsjansar

Dei første 15 minutta av omgangen bar preg av lite underhaldning. Ingen av laga klarte å produsere gode målsjansar. Med litt godvilje kan vi seie at Florø hadde to halvsjansar. Halvor Solheim-Olsen prøvde seg på eit langskot, men ballen gjekk langt over. Badou Ndour prøvde litt seinare på eit langskot, men ballen havna lett i hendene på Tromsdalen si målvakt.

Etter 18 minutter kjem Florø til sin første store målsjanse. Peter Aase flikkar ballen gjennom til Endre Kupen, som då hadde klar bane mot mål. Desverre vart førsteberøringa til Endre litt for dårleg, så Tromsdalen si målvakt får avverga ein god målsjanse.

Nokre minutter seinare får vi eit godt Florøangrep. Halvor Solheim-Olsen fekk etterkvart ballen, og kippa den i bakrommet der Kupen lurte. Ballen vart akkurat litt for hard til at Kupen rakk fram. Florø var i denne perioden meir aggresive en Tromsdalen.

35 minutter og nesten for Kupen

Florø var inne i ein god periode, og dei 1400 på tribuna venta på Florømål. Endre Kupen vart spelt flott gjennom på Tromsdalen si høgre side. Målvakta kjem ut og Endre Kupen gjer det rette og kippa ballen over målvakta. Desverre traff ballen nettveggen og stillinga vart uforandra.

Tromsdalen med omgangen sin største målsjanse

I omgangen sitt siste speleminutt var Tromsdalen nær med å gå opp i leiinga. Eit nydeleg innlegg frå venstre og umarkerte Mohammed Jama får hedde mot mål. Lynraske Niclas Frenderup var raskt nede og fekk slått ballen ut til hjørnespark.

Laga gjekk til pause, ein omgang der vi ikkje fekk sjå dei store målsjansane.

2.omgang, mål og utlikning

Dei første 10 minutta av 2.omgang prøvde Florø fleire gongar å komme til gode målsjansar. Slurv,upresise pasningar og mange personlege feil gjorde derimot til at Tromsdalen sitt forsvar hadde få problem med å rydde det som kom imot.

Tromsdalen kom etterkvart meir med i kampen og fekk omgangen sin første store målsjanse. Etter ei fin opprulling får Tromsdalen sendt avgarde eit godt skot i det lengste hjørnet. Heldigvis for Florø var Niclas Frenderup vaken og fekk slått ballen til hjørnespark.

Tromsdalen var i denne perioden klart best og etter 72 minutter får dei mål. Eit innoverskrudd frispark gjekk forbi eit passivt florøforsvar. På bakerste stolpe sneik Mohammed Jama seg fram og fekk tippa ballen i mål.

Florø jaga utlikning og fekk til slutt mål

Florø satsa dei siste 10 minutta alt framover og sette Tromsdalen under press. 3 minutt på overtid får Endre Kupen eit innlegg frå høgre og gjorde som ofte før. Iskaldt sette han ballen forbi motstandaren si målvakt. Utlikning til 1-1 og jubel på Florø stadion.

Kampen sin dommer blåste av kampen og Florø var nok det laget som var mest nøgd med å kapre eit poeng. 

Foto: Margrethe Gjertsen og Cecilia Molander


Florø vs Tromsdalen 1-1 (0-0)

  • Niclas Frenderup

  • Christopher Lindquist

  • Vegard Gjermundstad

  • Runar Hove

  • Christer Husa

  • Luc Jeggo

  • Halvor Solheim-Olsen 68 min Stefan Aase

  • Peter Aase

  • Monir Benmossa

  • Endre Kupen

  • Badou Ndour 68 min Torbjørn Aabrekk


Annonse: