Poengdeling borte mot Levanger

Florø gjennomførte ein god bortekamp og fekk med seg eit velfortjent poeng frå Trøndelag.

Første omgang

Dei første ti minutta var relativt jamnspelt og ingen av laga produserte store målsjansar.

I det 11.minutt fekk Florø igang ei god kontring. Ballen havna etterkvart hos Stefan Aase. Han tok med seg ballen framover på Florø si venstre side og skaut eit godt skot i motsatt hjørne. Desverre strauk ballen såvidt utanfor og stillingskrigen fortsatte.

Levanger med to store

Etter snaue 20 minutt får Levanger døball 25 meter frå Florømålet. Innlegget gjekk gjennom heile Florøforsvaret og fekk ein lei bane og sprett mot mål. Jacob Storevik var heldigvis vaken og fekk akkurat tidsnok slått ballen ut over dølinja. 

På det påfølgande hjørnesparket får Levanger ein stor målsjanse. Levanger sin Espen Berger var høgst i lufta og frå 5 meter burde han klart å styre ballen i mål. Framleis 0-0.

Florø i leiinga - Halvor Solheim Olsen

I det 26.minutt viste Florø fram eit mønsterangrep. Halvor Solheim Olsen vinn ballen - spelar ut til Erlend Hove som tok med ballen utover mot høgre. Han spelte ballen vidare til Kaddo Aton som flikka ballen ut til Stefan Aase. I mellomtida posisjonerte Halvor Solheim Olsen seg inne i boks. Stefan Aase slo eit perfekt innlegg som Halvor hedda i mål.

Levanger svarte

Etter skåringa til Florø tok Levanger over banespelet og pressa dei blåsvarte langt bak på bana. Florø rydda opp i det som kom og det såg ut som omgangen skulle ende 0-1. Men i det 41.minutt fekk vi sett ei klasseskåring av Horneus Taddese. Levanger rulla opp på si venstre side og ballen vart spelt inn til Taddese som fyrte av frå 25 meter. Jacob Storevik strakk seg så langt han kunne, men ballen traff stolpen og inn.

Lag gjekk til pause der første del av omgangen var jamnspelt, andre del er Florø sin og siste del er Levanger sin. 1-1 Ok pauseresultat ut frå spel og målsjansar.

Florø med første målsjanse i 2.omgang

I det 51.minutt var gjestane nær med å gå opp i leiinga igjen. Stefan Aase slo eit fint innlegg frå Florø si høgre side. Ballen enda hos Halvor Solheim Olsen som står åleine inne i Levangerboksen. Han siktar godt og sende avgarde eit skot som lenge såg ut som om det skulle gå i mål. Levanger si målvakt låg på bakken og kunne ikkje gjere noko. Ballen duppa derimot ikkje nok til å gå i mål. Burde stått 1-2 etter det skotet. 

Stillingskrig

Kampen bølga dei neste 20 minutta fram og tilbake. Ingen av laga med dei heilt store målsjansane. Florø vart etterkvart pressa bakover på bana, men rydda opp i det lille som kom frå Levanger.

Levanger nær og pressar på - Florø solid defensivt

I det 71.minutt var derimot Levanger nær med å gå opp i leiinga. Eit "lurt" skot frå skrått hald såg ut til å ende i mål. Jacob Storevik var derimot med,strekte seg perfekt og fekk ein finger på ballen slik den strauk på utsida av mål.

Levanger pressa på for å få leiermålet og var igjen nær i det 76.minutt. Eit godt skot frå Joachim Osvold, men Jacob var med på notane og fekk slått til hjørnespark.

Florø fekk mot slutten av kampen nokre gode kontringssjansar, men utan at dette førde til store målsjansar.

Levanger pressa Florø bakover på bana i denne omgangen, men dei blåsvarte gjorde ein god defensiv jobb og tok med seg eit velfortjent poeng.


Levanger vs Florø 1-1 (1-1)

  • Jacob Storevik

  • Christopher Lindquist

  • Vegard Gjermundstad

  • Simen Reksten Solheim

  • Andre Rksten -76 min Martin Hollevik

  • Luc Jeggo

  • Stefan Aase

  • Erlend Hove - 70 min Dino Omerovic

  • Kaddo Aton

  • Endre Kupen -91 min Baddo

  • Halvor Solheim-Olsen

Annonse: