Notodden framleis utan tap

Det nyopprykka laget frå Telemark held fram som ubesigra i årets OBOS-liga. Notodden banka dei blåsvarte på Florø stadion.

Florø best ut - Notodden tolmodige

Florø kom best i gang i denne "sekspoengskampen" mot nyopprykka Notodden. Telemarkingane har hatt ein fin start på sesongen, og sto med 2-1-0 før dei entra Florø stadion.

Sjølv om Florø kom best i gang og produserte fleire halvsjansar, spelte Notodden tolmodig og disiplinert. Dei la seg lågt og sto imot presset dei første 20 minutta.

Florø sin største sjansen fekk Badu då han runda målvakta og burde skåra. Dei kvitkledde jobba derimot formidabelt og storma inn i mål og fekk blokkert Badu sit relativt dårlege skot.

I staden for skåring til heimelaget,var det Notodden som gjekk opp i leiinga etter 24 minutt.
Eit hardt innoverskrudd hjørnespark vart pirka inn av Erlend Hustad og noko ufortjent leiing til dei kvitkledde.
Florø med ein halvsjanse rett før pause, der Peter Aase skaut eit brukbart skot, men over tverrliggaren.

2.omgang og Florø starta igjen best

Florø starta igjen best og skrudde opp tempoet. Notodden vart pressa bakover og måtte ty til regelbrot for å stoppe Florø. Dette gav Florø frispark i god posisjon, frå kanten av 16 meteren. Eit lurt innøvd trekk der ballen havna hos Christer Husa. Han får klokkereint treff og mange såg ballen i mål. Imidlertid strekte Notodden si målvakt seg ut i full lengde og fekk avverga utlikning.

Fem minutt som punkterte kampen

I tidsrommet 53.-58. minutt punkterte gjestane og Erik Midtgarden kampen. Først skåra han eit nydleg mål ved å hedde ballen knallhardt forbi Niclas Frenderup. Minutta seinare viste han fotballkunst ved å sette eit frispark heilt oppe i hjørnet.

Florø prøvde å kome attende i kampen og fekk mål etter 66 minutt. Stefan Aase flikka ballen elegant til Halvor Solheim-Olsen som rutinert sette ballen kontant i mål. 

Florø satsa framover


Eit lite håp steig i publikum,benk og Florøspelarane og det vart satsa kraftig framover.

Notodden låg disiplinert bak og venta på brot og overgangar. Slik gjekk det også. Notodden braut eit offensivt Florøangrep og kom åleine med Florø si målvakt. Niclas Frenderup kom ut, men stoppa Erlend Hustad ureglementert inne i 16 meterfeltet og det vart peika på straffemerket.

Erik Midtgarden gjorde ingen feil og fastsette sluttresultatet til 1-4.

Notodden med solid siger på Florø stadion. Florø spelte seg til ein del halvsjansar, men Notodden disiplinerte og rydda unna det som kom i mot.

Foto: Cecilia Molander og Truls Kleiven


 

Florø vs Notodden 1-4 (0-1)

  • Niclas Frenderup

  • Dejan Corovic

  • Andre Frøyen Reksten

  • Simen Reksten Solheim

  • Christer Husa

  • Torje Naustdal - 67 min Robert Kling

  • Stefan Aase

  • Peter Aase

  • Oliver Rotihaug - 78 min Lorent Callaku

  • Halvor Solheim-Olsen - 82 min Dino Omerovic

  • Badu

Annonse fra Obos-ligaen: