Snipp,snapp,snute...

så var OBOS-eventyret ute.

Forutsetningane var før kampen klar: Vinn - eller rykk ned.
Florø klarte ikkje å vinne mot Notodden og blir dermed å finne i PostNord-ligaen i 2019.

Nervøs 1.omgang

Omgangen prega av nedrykksspøkelse for begge lag. Notodden mest med ball, men Florø kompakt og hadde full kontroll defensivt.

Begge lag med to-tre halvsjansar, men spillet til begge lag bar preg av nervøse spillera. Florø med kampen sin største sjanse i det 32.minutt. Stefan Aase drog seg fint innover frå si høgre side. Godt inne i 16 meteren sende han avgarde eit hardt skot i nærmaste hjørne. Imidlertid var Notodden si svenske målvakt, Jonathan Johansson raskt nede og avverga mål.

To minutter på overtid bles dommer Steinar Hauge av omgangen. Ein jamnspelt omgang, utan store målsjansar.

Notodden opp i leiinga

I det 50. minutt fekk Notodden si første skåring. Ein grov forsvarstabbe gjorde at Notodden sin Erik Midtgarden kom åleine med Renze Fij. Midtgarden gjorde ingen feil og førde vertane opp i leiinga.

Florø og Lorent utlikna

I det 57.minutt fekk Florø nytt håp om å framleis spele i OBOS-ligaen. Lorent Callaku sette eit vakkert frispark kontant i mål.

Florø var no inne i ein god periode og burde kunne gått opp i leiinga. Men, slik som gjennom heile sesongen, mangla Florø målskårarar. 

Notodden sende Florø ned

I det 74.minutt avgjorde Notodden kampen. Gaston Salasiwa sette eit vakkert frispark oppe i hjørnet og med det sende Florø ned i PostNord-ligaen.

Florø prøvde desperat å kome tilbake i kampen, men Notodden rydda unna og innkasserte tre viktige poeng.

Annonse fra Obos-ligaen: