Tap mot Nest-Sotra

Det vart ingen festforestilling på Florø by sin 158 årsdag. Nest-Sotra med fortjent 2-0 seier.

Låg til rette for festkveld

Alt låg til rette for ein festkveld på Florø stadion denne onsdag kvelden. Byen feira 158 års dag, tusen Florøpatriotar på tribuna, Noregs flottaste grasbane, strålande sol og revansjesugne Florøspelarar.
Festkveld vart det ikkje.

Nest-Sotra tidleg i leiinga

Det gjekk berre åtte minutt før Nest-Sotra fekk si første skåring. Florø gjekk aggresivt ut og pressa Nest-Sotra i opningsminutta. Laget sto høgt og dette straffa seg. Ei god bakromspasning frå Nest-Sotra sin Johnny Furdal, gjorde til at Alexander Dang kom åleine med Florømålvakt Jacob Storevik. Dang gjorde ingen feil og sette ballen elegant forbi Storevik. 
Eit "sjokkarta" Florøforsvar ropte på offside, men målet vart godkjent.
Nest-Sotra kunne dermed senke skuldrane og trille ball. Florøspelarane vart løpande mellom og kom seg ikkje framover på bana.

Straffe og 0-2

14 minutt etter den første skåringa spelte Nest-Sotra seg elegant innover mot Florø sin 16 meter. Morten Bjørlo vart felt inne i 16 meteren og domar peikte raskt på straffemerket. Nokre småprotestar frå Florø, men truleg korrekt avgjerdsle frå pipeblåsaren.
Johnny Furdal sende ballen hardt ut i hjørnet og gjestane jubla over si andre skåring.

Florø fekk etter 26 minutt frispark i god posisjon. Peter Aase skaut eit godt skot som Nest-Sotra si målvakt Egil Selvik måtte gi retur på. Ballen hamna i beina på Stefan Aase. Han banka ballen mot mål, men ei refleksredning av Selvik hindra vertane i redusering.
Florø fekk nokre halvsjansar til i omgangen, men laga gjekk til pause med fortjent leiing til Nest-Sotra.

2.omgang

 Florø hadde nok bestemt seg for å gå hardt ut i 2.omgang. Tempoet og aggresiviteten var betre i dei første minutta av omgangen, enn store delar av 1.omgang. Både Christer Husa og Torbjørn Aabrekk hadde gode sjansar til å redusere, målsjansar som med meir "flyt" hadde gått inn.
Nest-Sotra vart ikkje sett på dei store prøvene utover i omgangen og hadde stort sett kontroll.
Gjestane nær 0-3 i det 65.minutt når Steen Sætre headda i stanga. 
Nest-Sotra verka komfortabel med kamputviklinga og det såg til tider ut som enkeltspelarar likte grasmatta i Florø godt. I allefall låg mange av spelarane "unormalt" lenge nede, etter taklingar frå dei blåsvarte...


Kampen sett under eit - vann Nest-Sotra fortjent. Florø på jumboplass, men kun to poeng opp til nedrykks-streken.

Foto: Truls Kleiven - Cecilia Molander

Florø vs Nest-Sotra 0-2 (0-2)

  • Jacob Storevik

  • Oliver Rotihaug - 60 min Dejan Corovic

  • Andre Frøyen Reksten

  • Vegard Gjermundstad

  • Christer Husa

  • Torje Naustdal- 62 min Torbjørn Aabrekk

  • Stefan Aase

  • Peter Aase

  • Badou- 74 min Luc Jeggo

  • Erik Eikeng

  • Halvor Solheim-Olsen

Annonse fra Obos-ligaen: