tre viktige!

Florø med tre uhyre viktige poeng i bortekampen mot Nest Sotra. Patrik Johannesen matchvinner med kampen sitt einaste mål.

Jamnspelt 1.omgang

Den første omgangen var jamnspelt, utan for mange målsjansar.Florø gjekk aggresivt ut og hindra Nest Sotra i å etablere sitt eige spel.
Etter seks minutter kom kampen sin første målsjanse. Peter Aase slo eit godt innlegg, som Badou nådde først. Frå skrått hald prøvde Badou eit skot, men desverre traff han nettveggen.
Nest Sotra gjorde ein del personlege feil i dei første ti minuttane. Badou utnytta dette og snappa ei håplaust tversoverpasning og fossa mot mål. Frå 17 meter prøvde han eit skot, men ballen gjekk godt utanfor målstanga.
Etter ein noko famlande start av Nest Sotra kom dei etter 14 minutter til sin målsjanse. Sondre Liseth fekk til eit brukbart skot som Renze Fij mått strekke seg godt for å slå ut til hjørnespark.

På ei vindfull og blaut fotballbane var det ingen av laga som fekk til særleg imponerande angrepsspel. Det meste gjekk føre seg på midtbana og dermed 0-0 til pause.

2.omgang og Florømål

Florø starta klart best i 2.omgang og pressa Nest Sotra hardt. Etter 63 minutter fekk endeleg dei blåsvarte løn for hard jobbing. Luc Jeggo tok med ballen innover frå høgre og la inn i feltet. Via ein Nest Sotra spiller enda ballen opp på hovudet til Patrik Johannesen. Han stussa ballen elegant forbi Egil Selvik i Nestmålet og 0-1.

Nest Sotra pressa, men ikkje godt nok

Dei første minuttane etter Florøskåringa, held dei blåsvarte fram å presse. Dei vann duellar og balltempoet var høgt. Men, nokon målsjanse vart det ikkje ut av desse minuttane.
Etter den gode perioden til Florø såg det ut til at spelarane vart godt slitne. Nest Sotra verka friskare i beina og tok gradvis over spelet. Dei var nær utlikning i det 75. og 80.minutt, men denne gongen var "flaksen" på Florø si side og ingen ballar enda i nettmaskene bak Renze Fij. 

Kampen ebba ut og tre uhyre viktige poeng til Florø.

Foto: Margrethe Nelumka Gjertsen


Annonse fra Obos-ligaen: