Mjøndalen sikra opprykk

37 år gamle Olivier Occean ordna opprykk på "eiga hand".

Jamnspelt første 30 minutt

Florø hadde kun heder og ære å spele for og entra dermed bana med lave skuldrar. Mjøndalen var meir prega av alvoret. Med "feil" resultat ville dei havne på kvalifiseringsplass. 

Dei første 30 minutta var jamnspelt. Ingen store målsjansar til nokon av laga. Florø var absolutt med i kampen og divisjonsforskjellen mellom dei to laga, merka ingen.

Olivier Occean ordna opp

Dei siste 15 minuttane av omgangen viste Mjøndalen kvifor dei enda med opprykk. Tempoet vart skrudd opp og Florø vart springande etter. I det 31. minuttet kom Olivier sitt første mål. Eit hardt innlegg frå høgre gjekk gjennom heile Florøforsvaret og stormande bakfrå sette Olivier ballen kontant i mål.

Mjøndalen held oppe presset og sju minutte etter det første målet, dukka Olivier opp på ny. Florøforsvaret feilvurderte ein lang ball i bakrommet - Renze Fij kom langt ut for å hindre Olivier å nå ballen. Men, 37 åringen var raskast- runda ein utspelt Fij og trilla ballen enkelt i ope mål. 

Olivier var nær ekte hat-trick då han i det 40. minutt kom åleine med Florømålvakta. Denne gongen vann derimot Fij duellen og hindra mål.

Florø prøvde i 2.omgang - Mjøndalen hadde kontroll

Florøspelarane gjorde sine forsøk i 2.omgang, men dei heilt store sjansane kan vi ikkje seie at vi registrerte. Eit godt skot frå Halvor Solheim-Olsen og ei brukbar hedding frå Badou var vel det næraste Florø kom redusering. Mjøndalen overbeviste på ingen måte i 2.omgang og hadde ingen store målsjansar. Likevel må vi nok innrømme at  hadde full kontroll på kampen. 

Florø fotball gratulerar Mjøndalen med opprykk og ønskjer alle velkomen til ny sesong i 2019.

Foto: Truls Kleiven-Cecilia Molander - Margrethe Gjertsen


Florø vs Mjøndalen 0-2 (0-2)

  • Renze Fij

  • Christer Husa

  • Runar Hove

  • Vegard Gjermundstad

  • Andre Frøyen-Reksten

  • Luc Jeggo -87 min Oliver Rotihaug

  • Torje Naustdal

  • Halvor Solheim-Olsen

  • Badou - 75 min Erik Eikeng

  • Lorent Callaku

  • Dino Omerovic - 45 min Robert Kling

  • Innbyttarar: Lars Kvarekvål-Simen Solheim-Robert Kling-Erik Eikeng-Anders Fleten-Oliver Rotihaug

Annonse fra Obos-ligaen: