Nedtur mot Levanger

Det vart på ny ein blytung dag for dei blåsvarte. Til trass for gode Florøperiodar, var Levanger effektive og påførte Florø det sjuande tapet.

Florø best dei første 15

Florø starta kampen best og pressa Levanger godt bakover på bana. Dei blåsvarte vann duellar og tempoet i ballen var godt. Publikum var optimistisk og ein såg at i denne kampen kunne Florø skaffe seg tre kjærkomne poeng. Til trass for godt spel i denne perioden, klarte ikkje Florø å kome til gode målsjansar.

Slag i "trynet"

Florø var godt i gang og Levanger hadde store vanskar med å henge med i spelet. Så, utav "ingenting" i det 19. minutt, fekk Levanger slått ein ball inn i Florø sin målgard. Oliver Rotihaug i duell med ein trønder - begge går i bakken og alle venta på at domar skulle gi frispark til Florø. I staden for frispark - traff ballen Oliver og spratt ut til umarkerte Jo Sondre Aas. Han fekk dermed ei enkel oppgåve med å styre ballen i mål. Ny nedtur for Florø, som så langt i kampen hadde god kontroll på Levanger.

Florø gav ikkje opp

Til trass for kald-dusjen med mål i mot, gav Florø på langt nær opp å spele fotball. Utover i omgangen registrerte vi halvsjansar til Florø, der særleg Badou med litt meir "tur" fort kunne ha utlikna. Stefan Aase og Luc Jeggo testa også ut skotfoten, men diverre for dei blåsvarte vart skota enkelt redda av Levanger si målvakt.

Omgangen sett under eit, så var Florø det beste laget. Levanger supereffektive og skåra på ein av sine få sjansar.

Nytt Florølag på bana i 2.omgang?

Kva som skjedde i pausen, var det mange som undra seg over. Vanlegvis har Florø kome sterkt i gang i starten av 2.omgang. I denne kampen skjedde det motsatte. Tapte duellar, feilpasningar og svakare tempo. Levanger tok raskt kommandoen og pressa Florø. I det 58. minutt avgjorde Levanger kampen. Andreas Peterson kom seg fri på si høgre side, fekk lagt fint inn framfor mål og Robert Stene stuphedda ballen i mål.

Florø kom til nokre målsjansar etter 0-2 skåringa. Både Vegard Gjermundstad, Christer Husa og Badou fekk sine sjansar. Men, typisk nok for eit lag i motgang - ballen trilla ikkje Florø sin veg.

Foto: Truls Kleiven og Cecilia Molander


Florø vs Levanger 0-2 (0-1)

  • Jakob Storevik

  • Christer Husa

  • Vegard Gjermundstad

  • Andre Frøyen Reksten

  • Oliver Rotihaug

  • Luc Jeggo - 72 min Erik Eikeng

  • Torje Naustdal - 46 min Lorent Callaku

  • Peter Aase

  • Stefan Aase

  • Halvor Solheim-Olsen -78 min Robert Kling

  • Badou

Annonse fra Obos-ligaen: