Kanonviktig seier mot Levanger

Florø med "kniven på strupa", vann fortjent mot Levanger på Tobb Arena. Moses Dyer med matchvinnermål i det 90.speleminuttet.

Første 15 minutt

Florø kom best i gang i motvinden på Tobb Arena. Ballen gjekk fort mellom lagdelane og framover til Levanger sin 16 meter. Men, i siste 1/3 av bana var det lite som likna på målsjansar. Lorent Callaku fekk levert eit fint innlegg mot bakerste stolpe, men Badou på topp var for seint til å kunne få kontakt med ballen.

Levanger meir med

Etter dei første 15 minutta, der Florø var best, kom Levanger meir med i kampen. Mellom 24 minutter og 27 minutter, registrerte vi heile tre halvsjansar til Levanger. Alle avslutningane var derimot "ufarlege". 

Florø fekk sin første store sjanse etter 28 minutter. Stefan Aase med eit fint innlegg frå høgre i retning tvillingbror Peter, på bakerste stolpe. Peter Aase først på ballen, men avslutninga langt utanfor stolperota.

Levanger var det meste kreative laget offensivt og kom til fleire sjansar utover mot slutten av omgangen. I det 35. og 36. minuttet hadde dei to store sjansar, men på begge avslutningane stod stolpe og tverrliggar i vegen.

0-0 til pause, der Levanger var laget nærmast skåring.

Florø klart best i 2.omgang

Florø entra bana og viste musklar frå første minutt. Forsvaret var kompakt og vi fekk sjå raskare ballvekslingar. Etter 48 minutter får vi Florø sitt første gode angrep i 2.omgang. Lorent Callaku fekk etterkvart ballen og lada skotfoten. Eit godt skot, men ei endå betre redning. Framleis 0-0.

I det 58.minutt kom etterlengta Eirik Eikeng inn på bana og det skulle vise seg å setje fart på angrepsspelet. Florø fekk fleire overgangshøve, og overtok banespelet totalt. I det 63.minutt fekk Florø ein fin overgang, men Luc Jeggo "snubla" i ballen då han skulle sentre til umarkerte Eikeng.

Florø held oppe trøkket og fekk hjørnespark i det 64.minuttet. Runar Hove først på den, men redning på streken. 

Moses inn og blir matchvinner

Med Eikeng sine offensive kvalitetar, vart det meir og meir uro i Levangerforsvaret. Moses Dyer kom på bana i det 70. minuttet og skapte enno meir uro blandt vertane.

Med Levangerforsvaret i ubalanse fekk Christer Husa også vere med på eit angrep. Han fekk etterkvart ballen, vendte fint opp og skaut knallhardt mot mål. Desverre for Florø var Levanger si målvakt vaken og hindra skåring.

I det 83. minutt var det Stefan Aase sin tur til å prøve skotfoten. Eit godt innlegg frå venstre enda i føttene på Stefan, som då vart åleine med målvakta. Stefan fekk eit dåreleg treff på ballen og den "trilla" inn til målvakta.  
Florø gav ikkje opp og held oppe presset. I det 88.minuttet kombinerte Luc Jeggo og Lorent Callaku fint på høgresida. Callaku fekk etterkvart fri bane frå 16 meter og fyrte av eit godt skot - men centimeter over tverrliggaren.

I det 90.minuttet skulle endeleg Florø og Moses få uttelling på mange gode angrep. Halvor Solheim-Olsen spelte fri Moses som ikkje gjorde feil åleine med målvakta. Endeleg lukkast det for dei blåsvarte og tre uhyre viktige poeng vart med tilbake til Palmekysten.

Levanger hadde eit par gode sjansar i 2.omgang, men Florø si målvakt Renze Fij og Andre Frøyen Reksten ordna opp og hindra gjestane i å skåre.


Foto: Harald Gjervik

Levanger vs Florø 0-1 (0-0)

  • Renze Fij

  • Christer Husa

  • Vegard Gjermundstad

  • Runar Hove

  • Andre Frøyen Reksten

  • Halvor Solheim-Olsen

  • Peter Aase 58 min Eirik Eikeng

  • Luc Jeggo

  • Stefan Aase

  • Badou 70 min Moses Dyer

  • Lorent Callaku 91 min Simen Reksten Solheim

  • Innyttarar: Lars Kvarekvål-Torje Naustdal-Moses Dyer-Simen Reksten Solheim

Annonse fra Obos-ligaen: