Ledig stilling

Florø Fotball søker daglig leder

Florø Fotball er i sterk utvikling. Vår daglege leiar søker nye utfordringar, og vi søker derfor etter

MARKNADSORIENTERT OG INKLUDERANDE DAGLEG LEIAR

 

ARBEIDSOPPGÅVER

  • Samle og inkludere – slik at alle dreg mot samme mål
  • Salgsleiing – planlegge og gjennomføre aktivitetar mot sponsorar og andre samarbeidspartar
  • Nært samarbeid med trenarar, tillitsvalde, øvrige tilsette og styret i klubben
  • Sikre god kommunikasjon
  • Skape entusiasme i klubben internt – og eksternt i lokalsamfunnet
  • Rekruttere, følge opp og koordinere frivillige, og andre ressursar som bidreg til klubben
  • Planlegge og gjennomføre aktivitetar for å rekruttere fleire spelarar
  • KORT FORTALT – LEIE FLORØ FOTBALL !

 

LEIARPROFIL

  • Engasjert og entusiastisk, likar å jobbe i team • Lojal til klubben sine verdiar og planar
  • God på marknadsarbeid med salgsfokus
  • Resultat- og målbevisst
  • God økonomiforståing og evne til refleksjon
  • Godt nettverk i fotballmiljøet
  • God kjennskap til idretten og eit idrettslag sitt interne liv • God på kommunikasjon

VI TILBYR

  • ein spennande jobb i ein framoverlent organisasjonein klubb med ambisjonar for framtida

--------------------------------------------------------------------------------

Ynskjer du å bidra til å vidareutvikle Florø Fotball til ein endå betre fotballklubb, ein klubb der det er kjekt for alle å delta, i tråd med idretten sine verdiar, så håpar vi at du sender ein søknad til oss på mail: anne.leversund@enivest.net.


Søknadsfrist 5.08.19.

Treng du meir informasjon om stillinga – ta gjerne kontakt med styreleiar Anne Leversund på tlf. 482 52 282 eller på mail anne.leversund@enivest.net.

--------------------------------------------------------------------------------

Om Florø Fotball

Florø Fotball er ein del av Florø Sportsklubb, grunnlagt 1912. Fotballen har lang, stolt og solid tradisjon og er ein av fylket sine største breiddeklubbar med sine om lag 550 aktive fotballspelarar. Klubben sitt A-lag spelar i PostNord-ligaen etter to sesongar i OBOS-ligaen. Florø Fotball skal være ein trygg og god utviklingsarena for barn og unge.

VISJON

Med offensiv og attraktiv fotball frå lokale spelarar skal Florø Fotball etablere seg i toppen av norsk fotball. Dette målet skal vi nå gjennom eit sterkt lokalt engasjement og kvalitetstilbod som gjer gode utviklingsmoglegheiter til alle aldersgrupper og ferdigheitsnivå.

VÅRE VERDIAR

Engasjert og inkluderande, stolt og kry!

Annonse fra Obos-ligaen: