Tøff start på haustsesongen

Det vart ei "svart" opning av haustsesongen for Florø sin del. Kongsvinger regelrett "knuste" Florø og vann komfortabelt 5-1.

16 min: 1-0: Shuaibu Lalle Ibrahim
18 min: 1-1: Luc Jeggo
18 min: 2-1: Sjølvmål
26 min: 3-1: Shuaibu Lalle Ibrahim
41 min: 4-1: Adam Guven
61 min: 5-1: Shuaibu Lalle IbrahimFørste omgang - Kongsvingerdominans

Det vart ein tøff omgang for Florø, der Kongsvinger dominerte gjennom heile omgangen. Florø la seg/vart fort spelt lågt og satsa truleg på kontringar. Dette lukkast ikkje dei blåsvarte med. Kongsvinger fekk dermed godt med plass og fekk etablert sitt spel, utan for mykje press frå det gjestande laget.

Det første målet kom etter 16 minutt. Ibrahim får skote mot Jacop Storevik. Storevik redda først, men Ibrahim kom først på returen og sette ballen fint i mål.
Florø svarte umiddelbart. Eit fint hjørnespark frå Peter Aase, som Luc Jeggo stanga knallhardt forbi Kongsvinger si sisteskanse. 1-1 og like langt.

Kongsvinger skrudde opp tempoet og fekk si andre skåring i samme speleminutt. Ibrahim fekk ein fin ball i bakrommet og storma mot Florømålet. Storevik redda det første skotet, men mått gi retur. Balle traff Christer Husa og trilla i mål.Ei kjedeleg og uheldig utvikling for Florølaget.





Etter 26 minutt er det på ny Ibrahim som er involvert i Kongsvingermål. Ei dårleg klarering i Florøforsvaret utnytta Ibrahim perfekt og banka ballen i nett-taket og Kongsvinger opp til 3-1.


Etter 41 minutt skulle Florø få endå eit mål i mot. Adam Guven tok med seg ballen innover i 16 meter, før han frå særs skrått hald banka ballen hardt nede ved nærmaste stolpe.

Kongsvinger gjekk nøgd til garderobepausen, med solid leiing og det klart beste laget i 1.omgang.

2.omgang og mindre "underhaldande"

Om det var Florø som heva seg eller om det var Kongsvinger som senka seg er ikkje godt å seie, men Florø kom meir med i kampen i opningsminutta av 2.omgang.
Det første gode Florøangrepet kom etter 57 minutt. Eirik Eikeng kombinerte fint ute på venstre kant og tok med seg ballen innover. Frå 17 meter får han sendt avgårde eit fint skot, men Kongsvinger si målvakt får såvidt fista ballen til hjørenspark. Til trass for ei litt betre opning av omgangen, hadde etterkvart Kongsvinger full kontroll også i denne omgangen.

Ibrahim igjen

Etter 61 minutt er det "over og ut" for Florø. Igjen er det Ibrahim som skårar mål. Han tok fint med seg ballen og fossa lett forbi Florøforsvaret. Åleine med Storevik gjorde han ingen feil og sette ballen elegant i det lengste hjørnet. 
Florø kom til to halvsjansar i sluttminutta, men Kongsvinger hadde full kontroll og regelrett "knuste" Florø.

Foto: Margrethe N. Gjertsen

Kongsvinger vs Florø 5-1 (4-1)

  • Jacop Storevik

  • Andre Frøyen

  • Vegard Gjermundstad

  • Christer Husa

  • Oliver Rotihaug - 77 min Dino Omerovic

  • Otar Javashvili

  • Erik Eikeng - 58 min Torje Naustdal

  • Luc Jeggo - 82 min Lorent Kallaku

  • Halvor Solheim-Olsen

  • Peter Aase

  • Badou

  • Innbytarar: Niclas Frenderup - Dino Omerovic - Lorent Callaku - Simen Reksten Solheim - Robertr Kling - Torje Nausdal

Annonse fra Obos-ligaen: