Ein "triller" og 3 poeng mot Jerv

Etter å ha leia 3-0, gjorde Florø kampen litt for spanande dei siste 10 -12 minutta. Dei blåsvarte rei imidlertid av "stormen" og tok tre uhyre viktige poeng.

1-0: 8 min Halvor Solheim-Olsen

2-0: 51 min Erik Eikeng

3-0: 58 min Badou

3-1: 72 min Aram Khalili

3-2: 80 min Isac Lidberg

Pangstart

Florø gjekk ut som sist. Rett i angrep og stort tempo. Jerv vart fullstendig teken på senga og hadde store problem i opningsminutta.

Allereie etter 2 minutt fekk Florø ein kjempesjanse. Eit mønsterangrep, der Halvor Solheim-Olsen dro seg fint rundt på kanten og slo ballen fint inn i boks. Åleine, 2 meter frå eit tomt mål, klarte Badou å sende ballen himmelhøgt over. 
Men Florøgutane held fram med høgt press og stort tempo. Etter 8 minutt fekk Florø hjørnespark. Etter litt fram og tilbake, enda ballen med Halvor Solheim-Olsen. Han gjorde som mange gongar før - sikta på mål - traff mål og 1-0 til vertane.

Jerv tok over

Etter leiarmålet verka det som Florø vegra seg for å spele ball. Jerv pressa dei blåsvarte bakover og når Florø fekk ballen sparka dei den adresselaust framover.

Jerv kom i denne perioden til to store sjansar. Det eine skotet gjekk utanfor stolperota, medan den andre sjansen stoppa Niclas Frenderup i Florømålet.
Florø vart spelt lavt, men fekk ein kjempesjanse midt i omgangen. Ei lang bakromspasning og Badou kom åleine med Jerv si sisteskanse. Øystein Øvretveit vann derimot duellen og framleis 1-0 til vertane.


Florø klarte mot slutten av omgangen å dra ned tempoet og rei av Jervpresset. 1-0 til Florø til pause, der Jerv kom sterkt tilbake etter Florø sitt tidlege mål.

Opp og nedtur i 2.omgang

Omgangen starta slik 1.omgang utvikla seg. Jerv med banespelet og Florø la seg lavt i bana. Heilt tydeleg at Florø ville stenge eige rom og satse på kontringar. Etter 50 minutt får vi eit klassisk kontringsangrep. Niclas Frenderup med rask og presis igangsetting mot Erik Eikeng. Han kom til innlegg, men Badou kom akkurat for seint til å ekspeder ballen mot mål.

I forlenginga av kontringa beit Florø seg fast rundt Jerv sin 16 meter. Erik Eikeng fekk ballen ute på si venstre side. Han finta seg forbi to-tre gulkledde før han banka ballen i mål. 2-0 og sjølvsagt stormande jubel.

Etter skoringa vakna Florø. Dei neste minutta går det meste Florø sin veg. Luc Jeggo fekk ein kjempesjanse, men blåste ballen høgt over. Florø held oppe trøkket og etter 58 minutt kontra Florø på nytt. Runar Hove tok med ballen frå eigen 16 meter og fossa framover på høgre side. Han såg Badou komme i eit kanonløp, og med Hove si lissepasning var det ope mål for Badou. Denne gongen gjorde han alt rett og Florø opp i 3-0 leiing.

Jerv slår tilbake og gjer det litt for spanande

Dei fleste senka nok både skuldrar og puls etter 3-0 skoringa. Florø slappa av og Jerv kom sterkt tilbake. Etter 72 minutt kom den første reduseringa. Aram Khalili utnytta "møljespelet" etter eit hjørnespark og 1-3.

Reduseringa gjorde at dei gule frå Grimstad fekk ny energi. Dei held fram presset og etter 81 minutt kom ei ny redusering. Isac Lidberg avslutta på blank kasse og 2-3.

Jerv flytta alt dei hadde opp på Florø sin banehalvdel og det vart 10-12 ulideleg spanande sluttminutt. Florø nytta alle sjansar til å stykke opp Jerv sitt spel - og lykkast. Etter 5 minutt tilleggstid kunne Florø sleppe jubelen laus og innkasserte tre uhyre viktige poeng. 

Foto: Truls Kleiven-Margrethe Nelumka Gjertsen-Cecilia Molander


Florø vs Jerv 3-2 (1-0)

  • Niclas Frenderup

  • Andre Reksten

  • Vegard Gjermundstad

  • Runar Hove -79 min Simen Reksten Solheim

  • Erik Eikeng

  • Stefan Aase - 91 min Dino Omerovic

  • Luc Jeggo

  • Halvor Solheim-Olsen

  • Peter Aase

  • Badou - 79 min Robert Kling

  • Innbyttarar: Lorent Callaku - Simen Reksten Solheim-Dino Omerovic-Robert Kling-Eirik Høydal-Jacop Storevik

Annonse fra Obos-ligaen: