Heroisk innsats og tre poeng

Ein sjansefattig 1.omgang vart til ein underhaldande 2.omgang og ei god avslutning på sesongen. Florø med 10 mann den siste halvtimen,men heroisk innsats og to mål av Christer Husa ordna tre poeng i sesongen sin siste kamp.

Første 15

Florø starta kampen med høgt press og hindra Jerv i å etablere sitt spel. Likevel kom Grimstadgutane eit par gongar rundt på Florø si høgre side og fekk lagt inn framfor mål. Florøforsvaret og målvakt Jakob Storevik hadde imidlertid ingen problem med å rydde unna innlegga. Florø vart etterkvart spelt lavare, utan at Jerv fekk kome til store målsjansar.

Stor målsjanse til Florø

Etter 22 minutt var Simen Reksten Solheim nær scoring. Florø fekk frispark på Jerv si venstre side. Christer Husa svinga eit godt innlegg mot bakerste stolpe. Simen fekk avslutta, men ein vaken Stian Christensen i Jerv sitt mål fekk såvidt slått ballen til hjørnespark.

Siste 15

Kampen utvikla seg til å verte lite underhaldande og med mange personlege feil på begge laga. Tempomessig langt frå "normaltempo". Vi registrerte ingen klare målsjansar til laga. Nærmast var Erlend Hove som sende avgarde eit brukbart skot i det 42.minutt, men desverre eit godt stykke over/utanfor.

Laga gjekk til pause etter ein omgang med få målsjansar. Sola som skein frå klar himmel, var nok det som varma publikum mest.

Andre omgang 

Omgangen var såvidt i gang når Jerv fekk ein stor målsjanse. Eit godt frispark inn i feltet der Jerv sin Glenn Andersen var først på ballen. Ei god hedding mot mål,men ei enno betre redning av Jakob Storevik. 

Husa med i angrep og 0-1

Christer Husa var med framover og fekk ballen i mål etter 52 minutt. Dino Omerovic spelte venstrebacken fint gjennom og Husa var iskald framfor mål. Dette var Christer sitt første mål i OBOS ligaen.

Husa med i angrep og 0-2!

I det 61 minutt var Florø inne i ein god periode. Laget holdt oppe presset i angrepsspelet og stressa Grimstadgutane kraftig. Etter eit godt "ettertrykk" hadde Christer kome seg over på Florø si høgre side. Han fekk etterkvart ballen, og dunka ballen hardt nede i Jervmålet.

Direkte raudt til Gjermundstad i det 65.minutt

Jerv kom på ei kontring rett etter scoringa til Florø. Vegard takla Jerv sin Ulrik Berglann som siste spelar og dommer hadde ikkje anna val en å dra opp det raude kortet.Jerv umiddelbart med nokre gode sjansar, men Storevik fekk klarert.

Heroisk innsats av Florø

Jerv tok etter utvisninga av Gjermundstad, sjølvsagt over alt av banespelet. Dei gule og blå fekk fleire gode målsjansar, men ein meget god Storevik og eit hardtkjempane Florølag fekk hindra vertane i å score mål.

Tre poeng til Florø etter ein fartsfylt 2.omgang. Christer Husa med to mål - dei to måla han har scora i år. Perfekt avslutning på sesongen. "Stolt og kry"


Annonse: