Straffemål til HamKam avgjorde kampen

Ein kamp prega av uthaling av tid - frispark - feilpasningar og lite underhaldning. Hedmarkingane sitt straffemål etter 10 minutt avgjorde kampen.

0-1: 10 min Petter Vågan Moen (str)

1.omgang

På førehand vart dette oppgjeret rekna som ein "sekspoengskamp". For Florø sin del for å få kontakt med sikker grunn og for HamKam for å unngå kontakt med nedrykksstreken.
Laga var tydeleg prega av dette og "bataljen" vart lite underhaldande.

HamKam starta best og fekk etter 10 minutt straffespark. Ivar Rønning vart spelt fint gjennom og Runar Hove stoppa hedmarkingen på ulovleg vis. Petter Vaagan Moen gjorde ingen feil og sette ballen hardt nede i hjørnet.

Florø prøvde å kome i gang med sitt eige spel, men HamKam var kyniske og nytta alle "knep" for å stykke opp spelet til dei blåsvarte. Hovuddommar Bjørn Hansen lot HamKam hale ut tida og vart etterkvart ein særs upopulær mann på Florø stadion.

Etter 30 minutt fekk Florø sin første målsjanse. Eit fint frispark enda etterkvart opp på skotfoten til Vegard Savland, men HamKam si sisteskanse Lukasz Jarosinski varta opp med ei god redning.

Resten av omgangen var prega av mange feilpasningar og få målsjansar. Florø og Savland med eit par skotforsøk, men ingen av desse kan definerast som målsjansar. HamKam utan registrete skot på mål!

HamKam til pause med leiinga etter ein svak omgang frå begge lag.

2.omgang

Omgangen starta omlag som utviklinga i første omgang. HamKam utnytta ein svak kampleiar og brukte lang tid på det meste. Etter halvspelt omgang var Florø inne i ein god periode og burde ha utlikna. Først traff Halvor Solheim-Olsen treverket etter eit godt innlegg frå høgre. Returen var Patrik Johannessen først på, men avslutninga gjekk utanfor HamKam målet. Florø pressa på vidare og minutta seinar er det Vegard Savland som prøvde seg. Desverre vart heddinga for laus og gjestane ridde av Florø sin brukbare periode.

I siste del av omgangen vaks frustrasjonen hos dei blåsvarte. Kampleiaren blåste av for det meste og HamKam utnytta alle situasjonar til å drøye tida. Florø på si side fungerte dårleg og fann aldri ut av korleis dei skulle kome seg  gjennom gjestane sitt forsvar.

Etter fem tilleggsminutt bles Bjørn Hansen av kampen og HamKam innkasserte alle tre poenga. 
Florø med fire skot på mål - HamKam med to!

Foto: Truls Kleiven og Cecilia Molander


Florø vs HamKam 0-1 (0-1)

  • Renze Fij

  • Christer Husa

  • Otar Javashvili

  • Runar Hove

  • Andre Frøyen Reksten

  • Luc Jeggo

  • Halvor Solheim-Olsen

  • Peter Aase

  • Stefan Aase - 58 min Patrik Johannessen

  • Vegard Savland

  • Badou -82 min Moses Dyer

  • Innbyttarar: Lars Kvarekvål-Lorent Callaku-Stefan Aase-Moses Dyer-Patrik Johannessen-Torje Naustdal-Dino Omerovic

Referat, bileter og video kjem måndag 27.08.18

Annonse fra Obos-ligaen: