Tap på Briskeby

Det ville seg ikkje for Florø på Hamar heller. Florø med ein god 1.omgang, men Hamkam slo hardt tilbake i 2.omgang og vann klart 3-0.

Florø best i gang  

Det var eit aggresivt Florølag som entra Briskeby stadion. Midtbanetrioen Luc Jeggo-Stefan Aase og Peter Aase var eit konstant uromoment for Hamkam sine spelarar og ga aldri vertane ro. Florø var angrepsvillige og kom til to-tre halvsjansar dei første 15-20 minutta. Både Erik Eikeng og Halvor Solheim-Olsen fekk skot på mål, men ingen av skota kan kallast 100% sjansar. 

Badou fekk frå 35 meter eit stjernetreff. Hamkam si målvakt Lukasz Jarosinski måtte i det 33. minutt verkeleg strekke seg for å hindre ballen i å gå i mål.

Hamkam nær skåring i det 36. minutt. Florøforsvaret litt passiv i det Aron Dønnum slo ein fin ball ut til høgre og til Petter Vaagan Moen. Han kom då åleine med Jacob Storevik. Men, frå skrått hold kunne Storevik kontrollert blokkere skotet frå Vaagan Moen.

Hamkam meir med mot slutten av omgangen. Men, Florø hadde mest initiativ, ville mest og hadde dei fleste sjansane.

To minutt som avgjorde

Hamkam tok initiativet i starten av 2.omgang og holdt dette utover i kampen. Florø la seg lågt og satsa tydlegvis på kontringar. Desse kom det diverre særs få av, men defensivt hadde Florø relativt god kontroll - ei stund.

I det 69. og 70. minutt vart kampen avgjort.
Først kom Hamkam på ei kontring der Bolkan Nordli kom åleine mot mål. Oliver Rotihaug sprang etter for å stoppe han, men felte Nordli innanfor 16 meteren og nok ei straffe i mot Florø. Petter Vaagan Moen gjorde ingen feil og vertane opp i leiinga.
Eit minutt etter, i det 70.minuttet, kom skåring nummer to til Hamkam. Bolkan Nordli vart igjen spelt gjennom Florøforsvaret. Han la ballen fint inn framfor mål og der fekk Ivar Rønning ein grei jobb med å styre ballen i mål.

3-0

I det 83. minutt sette Hamkam inn sitt tredje mål og avgjorde definitivt spaninga. Eit innlegg frå Ruben Alegre traff kneet til Eirik Høydal og ballen skifta retning. Dette satte Florøforsvaret ut av spel, og når ballen i tillegg datt ned i beina på Ole Erik Midtskogen - hadde han ingen problem med å sette ballen bak Storevik.

Florø med nokre gode sjansar i sluttminutta, men kampen vart i realiteten avgjort i det 69. og 70.minutt.

Foto: Cecilia Molander


Hamkam vs Florø 3-0 (0-0)

  • Jacob Storevik

  • Oliver Rotihaug

  • Andre Frøyen Reksten

  • Vegard Gjermundstad

  • Christer Husa

  • Luc Jeggo -73 min Lorent Callaku

  • Stefan Aase

  • Peter Aase

  • Erik Eikeng - 73 min Eirik Høydal

  • Badou

  • Halvor Solheim-Olsen

Annonse fra Obos-ligaen: