Forsvarskamp sikra eit poeng

Dei brunkledde på Isachsen Stadion hadde mykje å hevne etter to tap for Florø sist sesong. Florø gjekk opp i leiinga etter 21 minutt, medan Mjøndalen utlikna etter 35 minutt.

Første 15 minutt

Mjøndalen var i opninga av kampen det mest agressive laget og hadde det meste av banespelet.

Heimelaget kom til nokre halvsjansar, der særleg Mads Hansen  åleine med Niclas Frenderup, kunne ført heimelaget opp i leiinga. Skotet gjekk derimot utanfor og laga var like langt.

Florø på si side hadde lite angrepsfotball og måtte fokuserer på å rydde opp på eigen banehalvdel.

Kristoffer ordna 0-1

Kristoffer Ryland hadde etterkvart fleire gode forseringar på si venstre side. Etter 21 minutt tvinga han Mjøndalen sitt forsvar til å rygge kraftig.Han kom seg ned på dølinja og fekk slått eit hardt innlegg inn i feltet. Innlegget var ikkje det beste, men hadde retning mot mål. Mjøndalen si målvakt Lukas Jonsson rota det til og fomla ballen inn i eige mål. 

1-1 etter 35 minutt

Mjøndalen held fram med å ha banespelet og etter 35 minutt fekk dei utlikninga. Ei rask kontring etter eit balltap på Florø sin banehalvdel, førte til at Ylldren Ibrahimaj fekk ballen i mål. Eit flott angrep der Mjøndalen sin venstre kant fekk slått 45 grader ut til ein umarkert Ibrahimaj. Han var iskald framfor mål og sette ballen kontrollert i lengste hjørne.

1.omgang ebba ut med 1-1. Mjøndalen hadde ballen, banespelet og dei flest angrepa, men Florø forsvarte seg godt.

2.omgang og Mjøndalen pressa Florø

Mjøndalen pressa Florø hardt i omgangen og kom til fleire sjansar. Godt forsvarsspel og gode redningar frå Niclas Frenderup hindra Mjøndalen i å gå opp i leiinga.

Etter 58 minutt var det slutt for Runar Hove. Hove som har vore langtidsskadd måtte hinke av bana og inn kom Dejan Corovic.

Mjøndalen rulla opp det eine angrepet etter det andre, men det var Florø som fekk omgangen sin første store målsjanse.

Peter Aase fekk lagt inn eit fint innlegg til Patrik Johannesen som sto umarkert på 10-12 meter. Heddinga til Patrik vart for dårleg og ballen gjekk utanfor.

Mjøndalen held oppe presset og tvinga Florø til "å parkere bussen". Fleire gode angrep frå dei brunkledde, men dei vart effektivt stoppa av Florø sitt krigande forsvar. 

Kampen enda 1-1, eit resultat Florø kan vere godt nøgd med.

NRK skriv om kampen

Foto: Margrethe Nelumka Gjertsen


Mjøndalen vs Florø 1-1 (1-1)

  • Niclas frenderup

  • Andre Reksten

  • Runar Hove - Djan Corovic 58 min

  • Simen Reksten-Solheim

  • Christer Husa

  • Halvor Solheim-Olsen

  • Stefan Aase

  • Peter Aase

  • Kristoffer Ryland - Oliver Rotihaug 74 min

  • Patrick Johannesen

  • Alioune Ndour (Badu)

Annonse fra Obos-ligaen: