Florø vidare -slapp med skrekken

Florø best ut - Fjøra mest effektiv. Etter å dominert i 20 minutt slo Fjøra knallhardt tilbake og gjekk opp i leiinga, to gongar! Florømål i det siste speleminutt førte til både ekstraomgongar og siger.

Fjøra sto i mot Florøpress

Florø gikk som forventa ut i stort tempo i kampen på Fosshaugane i 1.runde i NM cupen. Fjøra fekk knapt låne ballen dei første 20 minutta og Florø kom til fleire målsjansar.

Etter 6 minutt fekk Patrik Johannesen stå åleine inne i feltet og fekk ein OK ball frå Florø si høgre side. Eit dårleg treff gjorde jobben til Fjøra si målvakt lett.
16 minutt: Andre Reksten vart med i angrep. Han forserte fint framover og lada skotfoten. Eit godt skot, men ei like fin redning frå Mjelleli i Fjøramålet.
18 minutt: Robert Kling sende avgarde  eit skot frå 20-25 meter. Målvakta fekk knapt opp hendene, men ballen traff tverrliggaren.

Fjøra vakna etter 20 minutt utan ball og kom meir med i banespelet. Tapte duellar dei første 20 minutt ,vart vunne og dei hadde gode angrep mot Florø. Forsvarsveteranane Husa,Gjermundstad og Reksten fekk derimot rydda unna det som kom imot.

Etter 35 minutt får vi ein situasjon "ut av ingenting". Stig Gjerde fekk ballen litt inne på Florø sin banehalvdel. Han såg nok at Florømålvakta  sto litt langt ute og brende av eit skot. Ballen gjekk i ei fin boge over Jakob Storevik og i retning det tomme målet. Uheldigvis for Fjøra traff ballen tverrliggaren.

Pauseresultat 0-0. Florø totalt dominerande i første 20 minutt, men Fjøra sto imot presset. Sogndølene meir med etterkvart og var nok det laget som gjekk mest nøgd til pause.

Fjøra på bana igjen-utan respekt

Fjøra held fram der dei slutta i 1.omgang og spelte respektlaust mot OBOS laget frå vest.

Rett nok fekk Florø omgangen sin første sjanse då Robert Kling fekk avslutta frå god posisjon. Håvard Mjelleli redda igjen og Fjøra held fram med sitt gode angrepsspel.

Fjøra i leiinga

Etter 56 minutt gjekk Fjøra opp i leiinga. Ei nydleg opprulling frå Fjøra si høgre side,enda opp med Morten Knutsen som hedda ballen knallhardt i mål.

Utlikning og 1-1

Florø vakna brått etter Fjøra si skåring og skrudde opp tempoet igjen. Dette resulterte i klikk-klakk spel inne i Fjøra sin 16 meter. Aabrekk til Kling, og Kling inn til Husa som sette ballen trygt i mål.

Fjøra ga seg ikkje - opp til 2-1 leiing

Fjøra ga ikkje opp spelet sitt og etter 67 minutt fekk dei utteljing. Eit "ufarleg" innlegg frå Fjøra si venstre side blir slått inn. Vegard Gjermundstad dukka og trudde nok Storevik var med rett bak. Ballen gjekk forbi Florø si sisteskanse og rulla i mål.

Straffe i siste speleminutt

I det siste speleminutt jakta Halvor Solheim-Olsen ein ball i bakrommet til Fjøra. Ein sogndøl måtte ty til regelbrot og Florø fekk korrekt straffe. Lorent Callaku banka ballen i mål og det var klart for ekstraomgangar.

Ekstra 1

Florø starta best og hadde ballen mest dei første minutta. Ingen store målsjansar frå OBOS laget. Fjøra kom nok ein gong sterkt tilbake og skapte nokre halvsjansar og pressa Florø.

Ekstra 2

Florø med dei beste målsjansane. Fjøraspelarane godt slitne og fleire med krampe i beina. Etter 110 minutt fekk Torbjørn Aabrekk stå åleine på 5 meter. Skotet traff BB Håvard Mjellelie og framleis spaning i kampen. 

Fjøra kjempa tappert-takla -sprang og stoppa Florø sine, etterkvart, hyppige angrep.

Avgjorde

Nok ein gong, i det siste speleminutt fekk Florø mål og avgjorde kampen. Eit langt innlegg frå Vegard Gjermundstad rulla til slutt til Halvor Solheim-Olsen. Iskaldt satte han ballen i mål og sende dermed Florø vidare i cupen.

Foto: Skjermdump frå NRK...

Fjøra vs Florø 2-3 eeo (0-0)

  • Jakop Storevik

  • Dejan Corovic

  • Vegard Gjermundstad

  • Andre Reksten

  • Christer Husa

  • Torje Naustdal - 24 min Halvor Solheim-Olsen

  • Robert Kling

  • Dino Omerovic

  • Patrik Johannesen - 77 min Lorent Callaku

  • Torbjørn Aabrekk

  • Eirik Høydal -84 min Stefan Aase

Annonse fra Obos-ligaen: