Florø med sterk heimesiger

Det såg lenge ut til å bli eit mållaust oppgjer mellom Florø og Kongsvinger. Men, i det 86 minutt lada Peter Aase skotfoten og dunka inn sigersmålet.

Peter Aase har som målsetjing å skyte meir frå distanse denne sesongen. Slik håpar han å kome på skåringslista litt oftare.

I kampen mot Kongsvinger, tok det 86 minutt før han hugsa på målsetjinga si! Då fekk han endeleg treff på ballen og sikra Florø tre viktige poeng.

Kampen starta med relativt aggresivt press frå Florø, utan at det vart store målsjansar av dette. Utover i omgangen tok Kongsvinger meir og meir over banespelet og kom til fleire gode sjansar. Eit dårleg utspel frå Florø si målvakt, gjorde at målet sto tomt og Kongsvinger burde satt inn leiarmålet. Heldigvis for Florø vart avslutninga for dårleg og ballen gjekk over. Kongsvinger sin hurtige spiss vart også spelt fri i bakrommet og kom åleine mot mål. Igjen gjekk ballen utanfor og publikum kunne "puste letta ut". Kongsvinger hadde også eit skot som traff innsida av stolpen - trilla på streken og ut!

Florø produserte lite offensivt, men hadde tre gode angrep på si venstre side. Kristoffer Ryland og Christer Husa kom ved kvart sitt høve fint til dølinja og fekk slått ballen 45 grader ut. Men, ved begge høve klarte Kongsvinger å kome først på ballen og fekk klarert. Halvor Solheim-Olsen fekk sin sjanse då han tråkla seg gjennom forsvaret til Kongsvinger og fekk skote mot mål. Avslutninga vart for dårleg og pauseresultatet vart 0-0. 

Kongsvinger det beste laget i 1.omgang og kunne lett ha leia etter 45 minutt.

I andre omgang vart det ein jamnspelt kamp. Florø mykje meir med i banespelet og var mykje tøffare i duellane enn i 1.omgang. Ingen av laga produserte dei store målsjansane og det såg ut til å verte eit mållaust oppgjer og poengdeling.

Men, så dukka altså Peter Aase opp og lada skotfoten. Ikkje eit klokkereint treff, men godt ut mot stolperota til høgre for målvakta og i mål. Dei 700-800 tilskodarane, spelarane og støtteapparatet slapp laus jubelen og tre viktige poeng til heimelaget.

Firdaposten skriv om kampen

Foto: Cecilia Molander


Florø vs Kongsvinger 1-0 (0-0)

  • Niclas Frenderup

  • Andre Reksten

  • Simen Reksten-Solheim

  • Vegard Gjermundstad

  • Christer Husa

  • Halvor Solheim-Olsen

  • Stefan Aase

  • Petr Aase

  • Kristoffer Ryland 90 min Dejan Corovic

  • Badu 69 min Patrik Johannesen

  • Lorent Callaku 79 min Oliver Rotihaug

Annonse fra Obos-ligaen: