Florø fotball og Rema 1000 har fokus på fotball

Bli med på aktiviteter i Rema-butikkene, 14. september

"Florø Fotball og Sogndal Fotball arbeidar saman om utvikling av toppfotballen i Sogn og Fjordane. Samarbeidet betyr mykje for at klubbane i fylket skal hevda seg i norsk toppfotball. I vår lanserte klubbane eit eiga Fotballbrød i lag. Fotballbrødet er eit godt og næringsrikt brød som høver like godt til frukost, lunsj og kvelds. For kvart Fotballbrød du kjøper går ein andel til talentutvikling og ekstra kraft til toppfotballen i fylket. "- Slik kan kvar og ein av oss bidra til mykje fotballglede i tida fremover og at fotballen fra Sogn og Fjordane markerar seg nasjonalt" seier Egil Mundal og Harald Gjervik i hhv Sogndal Fotball og Florø Fotball.

Torsdag 14. september arrangerar Rema 1000 i samarbeid med Florø Fotball liv og røre og fotballens dag. Det blir:

  • Demonstrasjon og smaksprøver av Florø Fotballbrød (bollar til barna).
  • Møt spelarar frå Florø Fotball – få autografar og ta sjølfie.
  • Delta på konkurranse i butikk. - vinn signert Florø Fotball-drakt.
  • Kor/Når:    
    REMA 1000 Amfi   Torsdag 14.09   kl. 14:00 - 15:30
    REMA 1000 Evja   Torsdag 14.09   kl. 16:00 - 17:30

Kom og møt gutane som gjer Florø by - stolt og kry :-)

Litt bakgrunn om NYHEITEN Fotballbrød:


Fotballbrødet er utvikla av Norgesmøllene som har eit sponsorsamarbeid med fotballklubbane. Brødet blir bakt hjå Sevaldsen Bakeri i Ålesund og Sarepta Bakeri i Aurland.

Brødet er grovt (tre kaker på grovhetsmerket) med ein grovhetsgrad på 55% og merka med nøklehol – perfekt for små og store aktive fotballspelarar og deira tilhengarar.

"Norgesmøllene og merkevaren Møllerens representerar ein av landets leiande næringsmiddelbedrifter innafor korn og mjølbaserte produkt. Me er glad for å samarbeida med desse to klubbane som representerar gode verdiar, profesjonalitet og ein resultatorientert kultur som både imponerar og inspirerar, seier Vidar Haugsdal, marknads- og utviklingssjef i Norgesmøllene AS. No har Sogn og Fjordane fått sitt eigefotballbrød, og me håpar at publikum ynskjer å støtte sine klubbar ved å kjøpa dette brødet og bidra til at klubbane kan halda fram si gode utvikling, seier han."

Fotballbrødet kan du finna på Rema 1000 i Florø og utvalgte butikkar i Sogndal, samt i Førde, Årdalstangen og Sandane.

Annonse: