Florø banka Mjøndalen

Fire- 4 - mål av Endre Kupen på under 35 minutt i 1.omgang sendte Mjøndalen mørbanka heim! Florø med årsbeste og ga seg ikkje før stillinga vart 5-0!

1.omgang - KUUUUPEN

Kampen starta i eit forrykande tempo med store sjansar til begge laga.
Mjøndalen fekk den første sjansen etter 2 minutt. Ousseynou Boye får skote relativt upressa frå 16 meter, men Niclas Frenderup får slått ballen vekk. Returen vart fanga opp av ein Mjøndalenspelar, men igjen redda Niclas.

Florø svarte med ei klassisk kontring der Endre Kupen kom åleine med målvakta. Ei glimrande fotparade av Mjøndalen si målvakt hindra skoring.

Så small det!!!

5 min: 1-0: Christer Husa la eit godt innlegg inn i feltet. Ballen landa til slutt hos Endre Kupen, som vender og skyt ballen rett i mål.

18 min: 2-0: Christopher Lindquist med fint innlegg. Kupen dribla av ein forsvarar og skaut knallhardt opp i nett-taket.

25 min: 3-0: Nydleg Florøspel. Peter Aase spelte gjennom til Halvor Solheim-Olsen. Han flikka ballen vidare til Kupen, som åleine med målvakt legg ballen i det lengste hjørnet. Ekte hat-trick på under 25 minutt, MEN....Kupen ga seg ikkje med det...

34 min: 4-0: Endre Kupen fekk ballen rett utanfor 16 meteren til Mjøndalen. Han dribla seg inn i feltet og blir felt. Straffe. Kupen tok denne sjølv og sette ballen kontant i mål!!!!

Mjøndalen med nokre småsjansar mot slutten av omgangen. I det 40.speleminutt får Mjøndalen avslutta mot mål. Niclas fekk boksa ballen utover. Ein Mjøndalenspelar får skote på nytt, men ballen høgt over.
I det 42.speleminutt var Mjøndalen nær skoring. Boye får ein ball i bakrommet som Florøspelarane ville ha offside på. Linjemannen holdt flagget nede og Boye kom åleine med Niclas Frenderup. Boye får avslutta, men ballen traff tverrliggaren.

Første omgang til pause og Florø rundspelte "Alle gutta fra Mjøndalen I.L."

2.omgang og Florø holdt oppe presse

Dei første 10 minutta av 2.omgang var relativt rolege i forhold til fyrverkeriet av ein 1.omgang.

I det 58. speleminutt varta Florø opp med eit nydeleg angrep. Halvor Solheim-Olsen fekk ballen på midten, tok den med framover og spelte ballen vidare til betre plasserte Peter Aase. Han tok med ballen utover mot høgre og skaut knallhardt mot nærmaste stolpe. Målvakta til Mjøndalen var i full strekk, men ballen strauk såvidt utanfor.

5-0 ved Oliver Rotihaug

Kampuret viste 62 minutt då det small igjen. Christer Husa fossa framover på si venstre side og kjem seg inn i Mjøndalen sin 16 meter. Eit hardt og frekkt skot rysta Mjøndalen si målvakt, men han fekk boksa ballen utover. Returen tok Oliver Rotihaug godt vare på og banka inn Florø sitt femte mål for kvelden.

Mjøndalen hadde knapt nok det som kallast målsjansar i denne omgangen. Med litt godvilje kan vi seie at dei hadde to halvsjansar i løpet av dei siste 45 speleminutta av kampen.

Florø på si side fortsatte å produsere målsjansar og dominerte også 2.omgang totalt. Mjøndalen vart til tider statistar når Florøspelarane sette i gang klikk-klakk fotballen sin.

Dommar Mads Skarsem blåste av kampen etter tre tilleggsminutt. Mjøndalen var nok mest glad for at kampen var over. Florøspelarane sprudla av energi og dei 1400 på tribuna takka med ståande applaus.

Foto: Margrethe Gjertsen  og Cecilia Molander


Florø vs Mjøndalen 5-0 (4-0)

  • Niclas Frenderup

  • Christopher Lindquist

  • Vegard Gjermundstad

  • Runar Hove

  • Christer Husa

  • Luc Jeggo - 80 minutt Eirik Høydal

  • Halvor Solheim-Olsen - 75 minutt Dino Omerovic

  • Peter Aase

  • Monir Benmossa

  • Endre Kupen - 60 minutt Torbjørn Åbrekk

  • Oliver Rotihaug

Annonse: