Cupeventyret over

Kristiansund vidare til kvartfinalen i NM. Mål i det 52.speleminuttet var nok for nordmøringane. Florø hadde målsjansar, men klarte ikkje å setje ballen i mål.

KBK aggresive dei første fem minuttane

KBK starta kampen aggresivt og med høgt press. Som forventa hadde KBK ballen mest dei første fem minuttane. Vertane kom til kampen sin første sjanse etter ca 5 minutter. Ein god korner frå venstre havna inne i femmeteren og ingen Florøforsvarar fekk klarert. KBK nær med å sette ballen i mål, men til slutt fekk Florø klarert ballen vekk frå målfeltet.

Florø svarte med god kontring

Etter KBK sin store sjanse sette Florø fart i den påfølgande kontringa. Endre Kupen fekk vist seg fram og dribla av eit par blåkledde. Han sentra ut til godt plasserte Peter Aase. Peter fekk skote, men ballen vart blokkert og KBK fekkklarert. Stor målsjanse til Florø der..

10 minutt spelt og Kupen åleine med målvakt

Spelet bølga litt fram og tilbake før Florø braut ballbana og Endre Kupen fekk ballen i bakrommet. Åleine fekk Kupen avslutta med eit godt skot, men KBK si målvakt McDermott fekk redda.

Store sjansar til KBK midtvegs i omgangen

KBK fekk i tidsrommet på fem minutter fleire målsjansar.

Først eit godt angrep på høgre side som endte til Amidou Diop. Han avslutta med eit hardt skot i lengste hjørne. Ballen strauk såvidt utanfor. Den påfølgande korneren endte også med skot mot mål,men ein lynrask Niclas Frenderup fekk slått vekk ballen.
I det 30.speleminutt er KBK nok ein gong nær skoring. Ballen havna til Jean Mendy som får vendt opp inne i Florø sin 16 meter. Han skyt hardt,men ballen 1 meter til sida for mål.
Florø vart satt under eit voldsom press i denne perioden, men klarte å hindre mål i mot.

Første omgang til pause. KBK hadde dei største målsjansane, men Florø var framme ved fleire høve. 

2.omgang og KBK opp i leiinga

Relativt roleg start på omgangen der KBK hadde ballen mest. Eit balltap frå Florø i det 52.minuttet vart derimot godt utnytta av KBK. Mendy tok med ballen framover og slo ein fin stikkball til Liridon Kalludra. Åleine med Niclas gjorde han ingen feil og lobba elegant over Florømålvakta og i mål.

Florø varta rett etterpå opp med eit flott angrep som Endre Kupen får avslutta. Skotet desverre for svakt og lett redning for målvakta.

I det 65.speleminuttet kontra KBK og eit skot gjekk via Niclas og i tverrliggaren. Florø heldige som ikkje fekk mål nr to i mot.

Florø nær utlikning

I det 78.speleminuttet var Florø nær ved å utlikne. Christer Husa kasta eit langt innkast inn i feltet. Ballen spratt fram og tilbake før ein Florøspelar får skote mot mål. Alle såg nok ballen i mål, men ei lang "KBK tå" fekk avverga og klarert.

KBK kunne fort ha punktert kampen i det 83.speleminutt. Stokke og Kalludra med vakkert klikk-klakk spel før Kalludra får avslutta. Ei kjemperedning av Niclas hindra mål.

Florø flytta laget opp mot slutten av kampen og kom til nokre halvsjansar. KBK ridde av det som kom, og kunne juble når domaren blåste av kampen.

KBK var nok det beste laget i denne kampen, men Florø viste at dei høyrer heime i Norsk toppfotball. 

Foto: Cecilia Molander og Margrethe Gjertsen

Kristiansund vs Florø 1-0 (0-0)

  • Nikals Frenderup

  • Christopher Lindquist

  • Vegard Gjermundstad

  • Runar Hove

  • Christer Husa-88 min Torbjørn Aabrekk

  • Luc Jeggo

  • Simen Reksten Solheim -58 minutt Monir Benmossa

  • Peter Aase - 88 min Kristoffer Ryland

  • Stafan Aase

  • Endre Kupen

  • Rashad Muhammed

Annonse: