Bødø/Glimt klar for eliteserien

Bodø/Glimt sikra opprykk etter ein god 1.omgang på Aspmyra. Florø klart best i 2.omgang og resultatet gjenspegla ikkje kamputviklinga.

Bodø/Glimt rett i angrep

Vertane gjekk aggresivt ut og etter 1 minutt og 30 sekund fekk dei sine første målsjansar. Bodø/Glimt rulla opp eit fint angrep på si venstre side og fekk slått ballen hardt inn framfor mål. To Glimtspelarar jakta ballen, men begge vart nokre tidels sekund for seint til å få avslutta. Florø klarerte ballen dårleg, noko som ga dei gule ein ny sjanse. Niclas Frenderup i Florømålet var heldigvis vaken og fekk klarert den påfølgande sjansen.Kampen roa seg litt  etter 10-12 minutt og bølga "fram og tilbake." 


Florø med god målsjanse, men Bodø/Glimt scora tre

Etter 15 minutt fekk Florø sin første målsjanse. Oliver Rotihaug vann ballen på midtbana og fekk spelt fri Endre Kupen. Han vart hardt pressa utover mot høgre, men fekk lagt inn i feltet. Halvor Solheim-Olsen var først på ballen og hedda fint nede ved stolperota. Ein god Simon Thomas fekk slått ballen ut til hjørnespark.

Etter hjørnesparket sette Bodø/Glimt fart framover og dei kom seg etterkvart inn i Florø sin 16 meter. Der vart Emil Jonassen felt og Bodø/Glimt fekk straffe. Kristian Fardal Opseth gjorde ingen feil og banka ballen kontant i mål.

2-0 og 3-0

Bodø/Glimt var no inne i flytsona. 2-0 kom etter eit godt angrep med fine kombinasjonar på høgresida. Amor Layouni tok med ballen framover og spelte fri Vegard Leikvoll Moberg. Han skaut hardt oppe og i lengste hjørnet og Niclas Frenderup var sjanselaus.

Florø svarte med eit godt angrep i det 25.minutt. Oliver Rotihaug fekk slått eit fint innlegg frå høgre. Luc Jeggo kom på eit djupt løp og stuphedder.Ballen strauk stolpen og framleis 2-0. 
Lite hjalp det gode Florøangrepet når Bodø/Glimt storma framover. Etter 28 minutt kontra vertane. Ballen havna til slutt hos Amor Layouni, som dribla seg framover og kom til slutt åleine med Niclas Frenderup. Layouni sette ballen oppe og i lengste hjørnet og Bodø/Glimt surfa vidare mot opprykk til eliteserien. 

Bodø/Glimt til pause med fortjent leiing. Florø med gode målsjansar, der heddingane til Jeggo og Solheim-Olsen fort kunne gitt gjestane mål.

2.omgang og Florø best

Dei første 10 minutta av 2.omgang opna opp for gode kontringshøve for begge laga. Florø best med gode kontringar, men både Stefan Aase og Oliver Rotihaug sine avslutningar vart for svake. 

Florø reduserte

Florø var no inne i ein god periode og pressa Bodø/Glimt. Etter 63 minutt fekk Florø si velfortjente redusering. Eit kort hjørnespark med påfølgande innlegg havna etterkvart hos Luc Jeggo. Frå 18 meter styrte han ballen i lengste hjørnet og via stanga, gjekk ballen i mål. 

Bodø/Glimt svarte umiddelbart etter målet til Florø og kom til to gode målsjansar. Ein god og lynrask Niclas Frenderup hindra derimot vertane i å auke leiinga.
Florø styrte det meste av banespelet i omgangen og var det beste laget. Bodø/Glimt vart pressa bakover,og hadde nok med å forsvare seg.

4-1 i siste speleminutt

Florø satsa hardt på nye mål og gjekk friskt framover. Mot spelets gang, scorar Bodø/Glimt. Ei svak takling frå Florø, som var på veg framover, førte til at Brede Mo fekk ei lett oppgåve med å sette inn kampen sitt siste mål. Bodø/Glimt  sikra seg med dette direkte opprykk til eliteserien.

Florø fotball gratulerar Bodø/Glimt med opprykk og ønsker lukke til i eliteserien neste sesong.


Bodø/Glimt vs Florø 4-1 (3-0)

  • Niclas Frenderup

  • Chrisopher Lindquist

  • Vegard Gjermundstad

  • Runar Hove

  • Christer Husa

  • Luc Jeggo - Simen Reksten Solheim 76 min

  • Peter Aase

  • Halvor Solheim-Olsen - Badou 76 min

  • Stefan Aase

  • Endre Kupen

  • Oliver Rotihaug - Torbjørn Aabrekk 83 min

Annonse: