Surt tap på overtid

Etter ein jamnspelt kamp, avgjorde Åsane i det 90.minutt.

Florø best i gang, men det hjalp ikkje mykje

Florø starta kampen best. Dei blåsvarte viste tydeleg at dette var ein kamp dei ville vinne. Dei første 10 minutta rulla Florø opp fleire gode angrep, men slik som før, stoppa det heile opp på motstandaren sin 16 meter. 

Åsane effektive

Åsane hadde knappast vore innom Florø sin 16 meter før  det 14.minutt. Då varta dei opp med eit flott angrep, som enda med eit knallhardt innlegg inn i Florø sin 16 meter. Der dukka Håkon Lorentzen opp og stanga ballen knallhardt i mål.
Etter målet vart resten av omgangen jamnspelt. Begge lag med to- tre halvsjansar, men ingen fleire mål. Lorent Callaku nærmast å skore i det 45.minutt. Eit fint og hardt skot frå 16 meter, men Åsane si målvakt varta opp med ei kjemperedning. 

Florø best i gang, også i 2.omgang

Som vi har sett tidlegare denne sesongen, var det eit "nytt" Florølag som starta 2.omgang. Heilt tydeleg at pausepraten hadde god innverknad på spelarane. Sjølv om Florø spelte best, fekk dei ikkje reduseringa dei jaga.

Bytte som endra kampbilete

I det 57. minutt gjorde Florø eit dobbeltbytte som skulle vise seg å gi resultat.
Erik Eikeng og Badou entra bana med friske bein. Dette sette fart i angrepa til Florø og ganske snart kom utlikniinga.

Det heile starta med eit skot i tverrliggaren av Halvor Solheim-Olsen. På det påfølgjande hjørnesparket var Eirik Eikeng først på ballen og sette inn utlikninga.
Florø var no inne i ein god periode og kunne fort ha skora nye mål. Men, dei sjansane Florø skapte enda med svake avslutningar eller ved gode redningar frå Åsane sin Borger Thomas.

Åsane avgjorde i det 90.minutt

Eit surt tap vart altså avgjort i det 90.minutt. Åsane med eit langt innkast frå si venstre side. Ballen vart stussa bakover i feltet. Der sto Jonas Hestetun umarkert og fekk god tid til å lade skotfoten og dunke ballen i mål.

Åsane med tre viktige poeng og dermed eit lite pusterom til nedrykksstreken. For Florø sin del kan ein no i beste fall ende på kvalikplass.

Foto: Truls Kleiven, Cecilia Molander og Margrethe Gjertsen


Florø vs Åsane 1-2 (0-1)

  • Renze Fij

  • Christer Husa

  • Vegard Gjermundstad

  • Runar Hove

  • Otar Javashvili

  • Luc Jeggo

  • Peter Aase - 57 min Badou

  • Stefan Aase

  • Halvor Solheim-Olsen

  • Moses Dyer -57 min Erik Eikeng

  • Lorrent Callaku

  • Innbytt: Lars Kvarekvål-Torje Naustdal-Erik Eikeng-Robert Kling-Simen R Solheim-Dino Omerovic- Badou

Annonse fra Obos-ligaen: