Hardt staffa og tap mot Åsane

Den dårlege bortestatistikken mot Åsane held fram for Florø. Til trass for positive tendensar frå dei blåsvarte, vart alle poenga igjen på Myrdal stadion. Foto: Skjermdump Eurosport

Brutalt straffa i 1.omgang

Florø vart brutalt straffa dei første 45 minutta. Allereie etter 12 minutt gjekk vertane opp i leiinga. Til då hadde Florø hatt banespelet og målet mot kom litt "mot spelets gang".
Åsane låg kompakt bak og fekk ved sitt første mål vist ei klassekontring. Erik Huseklepp snappa ballen på eigen banehalvdel og spelte fint framover til Joakim Hammersland på Åsane si høgre side. Eit raskt og vakkert innlegg som gode Dennis Antwi  hedda kontant i mål.

Etter skåringa skrudde Florø opp tempoet og produserte fleire halvsjansar. Særleg var Florø god på si høgre side, der debutant Erik Eikeng fleire gongar kom til gode innleggssituasjonar. Diverre vart det for svake avslutningar framfor mål og Åsaen si målvakt hadde stort sett kontroll på det som mom imot.

Nytt kontringsmål til Åsane

Medan Florø pressa på framover, var det Åsane som fekk eit nytt mål. Ei dårleg pasning frå Halvor Solheim-Olsen vart snappa av Åsane og dei sette fart framover. Håkon Lorentzen tok med ballen framover, slapp ballen elegant ut til Dennis Antwi som åleine med Niclas Frenderup gav Åsane leiinga 2-0.

Florø holdt oppe presset og kom til gode sjansar etter kald-dusjen. Peter Aase med ein god sjanse, men skotet gjekk over. Rett før slutt fekk Christer Husa lagt fint inn på bakerste stope. Halvor Solheim-Olsen hedda tilbake til Simen Reksten Solheim, men Reksten Solheim si avslutning gjekk i stolpen.

Laga gjekk til pause, der Florø vart hardt straffa av eit effektivt Åsanelag.

2.omgang

Florø kom til omgangen sin første sjanse. Christer Husa brende av eit godt skot frå 22 meter. Desverre for Florø sneik ballen seg over tverrliggaren.
Åsane fekk rett etterpå eit innkast på midtbana. Florøspelarane stoppa opp og trudde det var innkast til Florø. Åsane fekk dermed ein god målsjanse. Dennis Antwi forserte raskt framover og spelte til umarkerte Håkon Lorentzen. Frå 10 meter fekk han skyte fritt, men han fekk ei dårleg avslutning og ballen gjekk utanfor stolperota.
Etter 72 minutt kom Dennis Antwi igjen åleine mot Niclas Frenderup. Antwi vippa ballen over Frenderup, men ein Florøforsvarer fekk stoppa ballen før den gjekk i mål.

Redusering 1-2 

Florø fekk si redusering etter 73 minutt. Halvor Solheim-Olsen la eit nydleg innlegg frå Florø si venstre side. I feltet vann Eirik Eikeng duellen og hedda ballen fint i mål.

Nytt håp - snytt for straffe?

Reduseringa tende Florøspelarane og dei gjekk raskt i angrep. Solheim-Olsen fekk ein fin ball i bakrommet, men vart dytta overende. Reprisen tyda på at Florø vart snytt for straffe i den situasjonen.

Huseklepp med dribleraid 

I staden for straffe og ei eventuell utlikning, er det Erik Huseklepp som kom opp med eit flott dribleraid. Han finta vekk 3-4 Florøspelarar inne i 16 metersfeltet og satte ballen iskaldt i mål. Kampen vart då meir eller mindre punktert. Florø jobba hardt vidare, men ingen fleire store målsjansar til nokon av laga.

Åsane med ein sterk heimesiger, der Florø vart særleg hardt straffa i 1.omgang.


Annonse fra Obos-ligaen: