Tangotrøyene for sterke

Serieleiarane frå Sunnmøre vart nummeret for stort for Florø. Til trass for heroisk innsats frå Florøspelarane, vann Aafk fortjent.

0-1: 31 min Holmbert Fridjonsson

0-2: 47 min Holmbert Fridjonsson

1-2: 56 min Stefan Aase (straffe)

1-3: 63 min Ståle Steen Sætre

1-4: 74 min Holmbert Fridjonsson (straffe)

Eit samla pressekorp på Florø stadion var einige i at Aafk var det klart beste laget og at dei vann fortjent. Florø såg på kampen og evnt poeng som rein bonus. At Aafk med solid økonomi,brei spelarstall og solid støtteapperat har stø kurs mot Eliteserien - forundrar ingen.

Høgt tempo frå start

Kampen starta i eit forrykande tempo, der Florø kom til den første sjansen. Stefan Aase kjempa til seg ballen på dørlinja og skulle berre sleppe ballen ut til betre plasserte Vegard Savland. Diverre bomma Stefan på ballen og den gjekk rett i klypene på Aafk si sisteskanse.
Aafk svarte på dette og fekk sin kjempesjanse berre nokre minutt etterpå. Torbjørn Agdestein kom åleine med Jacob Storevik, der Storvik vann den første duellen. Han ga derimot ein retur og Aafk hadde "blank kasse". Andre Frøyen Reksten dukka derimot lynraskt opp, og hindra det nye skotet i å gå i mål.

Etter 15 minutt roa tempoet i kampen seg ned og Aakf tok meir og meir over banespelet. Publikum såg nok at dette ville verte ein vanskeleg kamp for dei blåsvarte, der Aafk etterkvart pressa Florø meir og meir bakover på bana.

Etter 31 minutt måtte Storevik kapitulere. Holmbert Fridjonson fekk ballen feilvendt og med kun ein Florøspelar rundt seg, vendte han enkelt vekk den blåsvarte og hamra ballen hardt i mål.

Florø gav ikkje opp og kom i det 38. minutt til ein god målsjanse. Vegard Savland fekk eit godt innlegg frå venstre kant og fekk hedda ballen mot mål. Naustdalingen nær ved å opne målkontoen, men Aafk gjekk til pause med 0-1 leiing.

2.omgang

Andre omgangen var såvidt starta då Aafk dobbla leiinga. Eit balltap i Florøforsvaret gjorde at Sondre Brunstad Fet lett fann Holmbert Fridjonsson som sette inn sitt andre mål.

Mange trudde nok at kampen no var avgjort, men Florø vakna no opp. Eit kjappt frispark i det 54. minutt frå Florø, enda opp mot Vegard Savland som då var åleine med Aafk si sisteskanse Andreas Lie. Vegard vart takla og kampleiar dømde korrekt straffespark til Florø. Stefan Aase sette ballen i mål, og ny spaning i kampen. Florø spelte no fotball slik vi veit dei kan på sitt beste. 
Vi registrerte no ein småbekymra Lars Bohinen på tangotrøyene sin trenarbenk. Han skulle derimot sleppe å bite neglar særleg  lenge. Etter 63 minutt avgjorde i realiteten Aafk kampen. Eks førdespelar Ståle Steen Sætre vann ein luftduell og sette inn Aafk sitt 3. mål.

Aafk hadde no full kontroll på kampen og slapp Florø sjeldan på besøk i eigen målgard. Det verka som florøspelarane no gav opp og etter 75 minutt fekk Aafk straffespark. Holmbert Fridjonsson sette "spikaren i kista", putta sitt tredje mål og Aafk sitt fjerde.

Kampen ebba etterkvart ut og Aafk vann fortjent på Florø stadion.

Foto: Margrethe N. Gjertsen-Cecilia Molander


Florø vs Aafk 1-4 (0-1)

  • Jacob Storevik

  • Christer Husa

  • Vegard Gjermundstad

  • Andre Frøyen Reksten

  • Oliver Rotihaug - 41 min Simen Reksten-Solheim

  • Otar Javashvili

  • Halvor Solheim-Olsen

  • Peter Aase

  • Stefan Aase - 79 min Lorent Callaku

  • Erik Eikeng

  • Vegard Savland - 76 min Patrik Johannesen

  • Innbyttarar: Simen Reksten Solheim-Lorent Callaku-Badou-Renze Fij-Patrik Johannesen-Torje Naustdal- Moses Dyer

Annonse fra Obos-ligaen: