Aafk for sterke

Dei orangekledde sunnmøringane gjekk hardt ut og viste tidleg at dette var ein kamp dei ville vinne. Aafk kontrollerte meir eller mindre heile kampen og vann fortjent 4-0.

Florø hardt pressa i 1.omgang

Aafk viste ganske fort at dei ville vinne denne kampen. Florø vart pressa hardt og måtte stort sett kjempe på eigen banehalvdel.
Dei orangekledde rulla opp det eine angrepet etter det andre og etter 17 minutt fekk dei ballen mot mål -og i mål. Oddbjørn Lie la ballen fint inn frå ventre, der islendingen Holmbert Fridjonsson sto klar. Frå 5 meter gjorde han ingen feil og hedda ballen kontant i mål.

Florø på si side prøvde gjentekne gongar å spele ballen i bakrommet til Aafk. Pasningane mot Oliver Rotihaug og Badu vart derimot for lite presise og Aafk hadde ingen problem med å rydde unna gjestane sine forsøk. 

Sunnmøringane held fram med å dominere banespelet og etter 41 minutt fekk dei inn sitt andre mål. Eit raskt angrep på venstre side vart spelt inn framfor florømålet. Torbjørn Agdestein kom på eit djupt løp og "sprang" ballen relativt lett inn til 2-0.

Ein tung omgang for Florø, der Aafk fortjent gjekk i garderoba med 2-0 leiing.

Aafk med pangstart i 2.omg

Omgangen var berre 2 miutt då islendingane Adam og Holmbert snurra rundt med Florøforsvaret. Adam med eit nydleg innlegg til Holmbert som dunka inn 3-0.

Florø vakna litt etter 3-0 skåringa og fekk etterkvart etablert sitt angrepsspel. Etter 58 minutt fekk Patrik Johannesen ei fin pasning på Florø si høgre side og kom åleine med målvakt Lie. Ålesund si sisteskanse vann derimot duellen og fekk avverga målsjansen.

Fem minutt seinare var det nesten utruleg at Florø ikkje fekk mål. Peter og Stefan Aase tråkla seg gjennom Aafk sitt forsvar og Stefan Aase fekk avslutta. Igjen redda Andreas Lie, men ga retur. Oliver Rotihaug var først på ballen,men nok ei redning av ei liggande målvakt.

Etter dette var det lite underhaldning på Colorline stadion. Aafk rulla ball og Florø gav meir eller mindre opp.

Aafk fekk i det 87. minutt hjørnespark frå venstre. Ballen vart slått på bakerste stolpe. Etter litt fomling enda ballen framfor mål, og der sto Torbjørn Agdestein og pirka inn 4-0.

Kampen ebba ut og Aafk vann fortjent 4-0.

Foto: Margrethe Gjertsen og Cecilia Molander


Aafk vs Florø 4-0 (2-0)

  • Niclas Frenderup

  • Christer Husa

  • Simen Reksten Solheim

  • Vegard Gjermundstad

  • Andre Reksten

  • Peter Aase

  • Stefan Aase

  • Halvor Solheim-Olsen

  • Oliver Rotihaug - 87 min Torbjørn Aabrekk

  • Badu - 71 min Robert Kling

  • Lorent Callaku - 46 min Patrik Johannesen

Annonse fra Obos-ligaen: